Hopp til innhold

Måtte avlyse båttur grunna sterk vind

Under festivalen Våt moro skulle eigentleg 40 personar på solnedgangscruise. Dette måtte avlysast grunna sterk vind.

God stemning trass i avlyst båttur

GOD STEMNING: Trass i at båtturen måtte avlysast var det god stemning under dekk på «Svanhild».

Foto: Privat

– Vi hadde mønstra på og var klare for avgang, men båten klarte ikkje å gå frå kai, fortel festivalsjef i Våt moro, Maren Igland Avsnes.

Det var 40 personar som hadde meldt seg på båtturen, men båten vart liggande å vente på vêret, og turen vart til slutt avlyst.

– Vi leikar at vi er på sjøen

Allereie tidlegare i dag hadde festivalleiinga bestemt seg for at det ikkje vart ein seglas på opent hav.

– Vi hadde planlagt at vi skulle gå innover fjorden, og ikkje legge ut på havet, men no vart ikkje dette heller mogleg å gjennomføre, seier Avsnes.

Den 126 år gamle seglskuta «Svanhild» vart heller brukt som arena for ein triveleg kveld under dekk.

– Det var nokre som valde å gå heim, men resten av oss sit under dekk og har ein som underheld oss med gitarspel. Så vi leikar at vi er på sjøen, fortel Avsnes.

Vinden er på sitt sterkaste no

Vakthavande meteorolog, Anna Reistad, fortel at vinden skulle minke i kveld, men at den er på sitt sterkaste no.

– Det er stiv kuling på kysten, noko som er uvanleg for denne årstida, seier ho.

I morgon blir det liten til stiv kuling, men på føremiddag minkande frisk bris. Sør for Nordfjorden vil det framleis vere liten kuling. Men Reistad har ei gladmelding til slutt.

– I morgon blir de fint vêr. Nokre sprette regnbyer, men lettare skydekke og periodar med sol, fortel ho