Bondelagsleiar Per Tistel fryktar for følgjene av at stadig meir matjord forsvinn under asfalt og betong.
– Vik bondelag er motstandarar av nedbygging av dyrka mark. Vi treng den matjorda som vi har i Vik til å dyrke mat på, seier Per Tistel, som er leiar i Vik bondelag.
Bøndene i Vik fryktar at meir matjord skal forsvinne når kommunen no lagar ny kommunedelplan for areal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Også ti mål betyr noko
Fengselet i Vik sysselset 40 personar, og treng meir plass til parkering og kontor.
Det er med og bidreg til at 10 mål med dyrka jord nær sentrum no kan bli omdisponert til næringsareal. Men Per Tistel meiner bøndene treng den dyrka marka som finst i kommunen.
– Det er matjorda medlemmene i Vik bondelag skal leve av framover. Skal vi klare å produsere meir mat, så treng vi all jord vi har, seier Tistel.
– Men er ti mål så mykje at det betyr noko?
– Ja, ti mål kvart år vert mykje i lengda, og vi treng den jorda som vi har, seier Tistel.
- LES OGSÅ:
Har ikkje anna jord å bruke
Arbeidarpartiordførar i Vik Marta Finden Halset seier ho skjønar frustrasjonen, men meiner kommunen ikkje har noko anna val enn å leggje ut dei ti måla med jord.
– Vi ville sjølvsagt lagt til rette for fengselets aktivitet på andre tomteområde, dersom vi hadde hatt moglegheit til det. Men fengselet ligg der det ligg, seier Halset.
Ho peikar på at også ei utviding av Vik fengsel betyr mykje for kommunen.
– Dette er viktige, statlege arbeidsplassar for kommunen vår, seier Halset.
- LES OGSÅ:
Hadde håpa på alternativ
Halset meiner kommuneplanen samla sett har bidrege til å styrke jordvernet, mellom anna er andre områder tilbakeført til jordbruk.
Per Tistel meiner på si side at det finst alternative områder for fengselet å bygge ut kontor og parkering, om dei går vekk frå kravet om å bygge vegg i vegg med dagens anlegg.
– Vi forstår at Vik fengsel ønskjer å utvide, og vi forstår også at det er viktige arbeidsplassar for Vik kommune. Men vi hadde håpa at det hadde funnest alternativ, seier Tistel.
- LES OGSÅ: