- Det som før var ei fin badestrand er no blitt ei felle for både vaksne og barn, seier Oddleiv Humlestøl, som er ein av grunneigarane i området.
Humlestøl kjenner til eit konkret tilfelle der ei lita jente for utfor kanten og så vidt vart berga.
Klage til NVE
Dei tre klagarane har bede kommunen sørgje for at sanduttaket blir stogga, og at området blir tilbakeført til slik det var før gravearbeida starta.
Kommunen har vald å sende saka over til Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Senioringeniør Inge Lavoll i NVE seier at masseuttaket i Endestadvatnet er så stort at det truleg burde vore undersøkt om det var konsesjonspliktig før gravearbeidet starta.
– Skal du grave noko i dag, må du ha løyve frå kommunen. Og kommunen veit i alle fall at tiltak i vassdrag skal innom NVE, seier Lavoll, som vil ha tid til å vurdere saka før han slår fast om det har skjedd noko kritikkverdig.
NRK Sogn og Fjordane har ikkje klart å kome i kontakt med dei som skal ha stått for masseuttaket.