Marit vitja sommarbåten

Dyra måtte bli heime laurdag kveld, då Marit Krakset frå «Marit og dyra» og mor hennar vitja sommarbåten som hadde lagt til kai i Ulsteinvik.

Marit på sommarbåten

KJEKT: Marit Krakset synest det vert kjekt å vitje Sommeråpent

Foto: privat

– Vi er litt spente. Eg prøvar å tenke på at det ikkje er direkte, sa Aina Krakset, mor til Marit frå tv-serien «Marit og dyra» før sendinga starta.

Aina Krakset

SPENT: Sjølv om dei er vane med TV-innspeling, er direktesending litt skumlare, seier Aina Krakset.

Foto: privat

Heldigvis var det kjende ansikt å sjå; fotograf Arne Stubhaug frå serien har også mønstra på båten, og gjensynsgleda var stor.

– Vi har nokre vener med leilegheit på kaia her, så vi stod og vinka til han då båten kom inn tidlegare i dag, fortel Krakset.

Flotte tilbakemeldingar på serien

«Marit og dyra» er produsert av NRK Sogn og Fjordane og har gått på NRK Super i vår. Serien handlar om Marit (no 7 år) som bur på Hakkalegarden i Vanylven og ikkje minst alle dyra på garden.

– Vi har fått mange flotte tilbakemeldingar, og besøket på garden har teke seg opp! Vi merkar at folk har sett på, og dei som kjem spør ofte konkret etter visse dyr, seier Aina.

– Det har vore litt travelt med alle som vil snakke med meg, men mest kjekt, seier Marit sjølv.

Marit Krakset

POPULÆR BLANT UNGANE: «Marit og dyra» har slått an hos dei unge.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stas med sommarbåten

Sjølv om ho hadde trua på at denne typen serie skulle slå an, er også programskaparen Eva Westvik svært nøgd med responsen.

Eva Westvik

NØGD MED RESPONSEN: Programskapar Eva Westvik har fått svært mange gode tilbakemeldingar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har fått enormt mange koselege tilbakemeldingar om at ungar set veldig pris på historiene om livet på garden. Garden ligg jo veldig flott til, med Stadhavet rett utanfor, og ikkje minst med dyra i alle fargar og fasongar. Mange foreldre har fortalt at ungane er heilt avhengige av serien, og det var morosamt å sjå ungar med serien på iPad då eg nyleg var på ferie, seier Westvik som er glad for at NRK Underhaldning har valt å fronte serien i kveld.

Sommarbåten har segla langs kysten i tre veker, og i dag kom den til Ulsteinvik. Tysdag står Sogn og Fjordane for tur. Her skal båten vitje Florø (14. juli), Sogndal (15. juli), Høyanger (16. juli) og Skjerjehamn (17. juli).