Hopp til innhold

Mann utlevert etter eitt år i russisk fengsel

Russiske styresmakter har no utlevert ein mann i 30-åra frå Sogn og Fjordane som er mistenkt å vere ein av hovudmennene i ei stor doping- og narkotikasak som er under opprulling på Vestlandet.

Prosjekt Gullfugl dopingmiddel

GJORDE BESLAG: Biletet syner beslag som blei gjort den gongen mannen blei dømd til fengsel i "Operasjon Gullfugl", ei av dei største dopingsakene i Norge.

Foto: Politiet

Mannen blei pågripen av russisk politi for over eitt år sidan og sat lenge varetektsfengsla. Norske styresmakter har lenge prøvd å få mannen utlevert, og stadfestar no at den dopingmistenkte mannen har blitt flytta frå russisk til norsk fengsel.

– Han er varetektsfengsla med brev- og besøksforbod. Utover det kan eg ikkje kommentere saka, skriv Harstad i ein e-post til NRK.

Etterforskar stor dopingsak

Norske politistyresmakter har lagt eit tett lok over etterforskinga, som omfattar ei rekkje personar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Politiet vil ikkje kommentere detaljar i etterforskinga

Etter det NRK Sogn og Fjordane kjenner til mistenker politiet at mannen som no er utlevert har ei sentral rolle i det som kan vere ei av dei største dopingsakene i Norge. Avisa Bergens Tidende gjekk djupt inn temaet i november 2016.

Tidleg i fjor haust reiste fleire polititenestemenn og etterforskarar frå Vest politidistrikt til Russland for å møte mannen og gjennomføre avhøyr. Dette etter at det var skrive fleire formelle brev om mogleg utveksling mellom norske og russiske styresmakter.

Blei dømd i stor sak

Mannen har dei siste åra hatt tilhald i Austen, men er framleis registrert med bustadadresse i ei lita bygd i Sunnfjord.

Det har vore kontakt mellom den mistenkte mannen, familien hans og norske styresmakter. Mellom anna fordi han har ein kronisk sjukdom og hadde behov for medisinar i russisk fengsel.

Han og fleire andre var for nokre år sidan også sentrale i ei anna stor sak om innførsel og sal dopingmiddel. Sunnfjordingen vedgjekk då omgang med nær fem kilo anabole steroid og nær 30.000 kapslar efedrin.