NRK Meny
Normal

Mann sendt til sjukehus etter dramatisk båtbrann i Vågsøy

Ein mann er frakta til sjukehus etter båtbrann på Bryggja i Nordfjord.

Båtbrann Bryggja

OVERTENT: Den om lag 40 fot lange cabin cruiseren i full fyr utanfor Bryggja i Nordfjord.

Foto: NRK-tipsar

Båtføraren var åleine i båten då det tok til å brenne. Politiet opplyser at mannen raskt fekk hjelp frå folk som var på ein annan båt i nærleiken.

– Vedkomande blei frakta til land, der han blei teken hand om av helsevesenet, seier operasjonsleiar hos politiet, Odd Arve Solvåg.

Politiet ber dei privatpersonane som drog ut på sjøen for å delta i redningsarbeidet om å melde seg.

– Alle naudetatane, også luftambulanse og redningshelikopter rykte raskt ut, opplyser politiet

Mannen skal sjølv ha opplyst at han var åleine om bord i båten.

Brannbil og redningshelikopter på Bryggja

FULL UTRYKNING: Alt tilgjengeleg mannskap blei sendt til Bryggja i Nordfjord etter båtbrannen.

Foto: NRK-tipsar
Laster kart, vennligst vent...
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast