Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, seier den mistenkte mannen så langt ikkje har vedgått noko av det han er sikta for. Han er ein gammal kjenning av politiet og har vore busett i Luster dei siste 10 åra. Politiet vil i dag ikkje seie om han og 82-åringen var kjende frå før.
Ikkje andre mistenkte
Politiet seier det brutale ranet av den gamle mannen mest truleg har skjedd mellom klokka eitt og to i går ettermiddag. Dette var ein til to timar før han vart funnen.
Utbytet ranaren skal ha fått med seg er på vel 33.000 kroner. Det er ikkje fleire mistenkte i saka, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Wenche Hope.
82-åringen ligg framleis på sjukehus i Lærdal, men det skal etter forholda stå bra til med han.
Foto: Arne Eithun