Hopp til innhold

Mann hadde PC-en full av overgrepsbilete - må sone fire månader

Ein mann i førtiåra frå Sunnfjord må sone fire månader i fengsel etter at politiet avslørte at PC-en hans var full av overgrepsbilete.

Nyleg måtte mannen møte i Fjordane tingrett, tiltalt for å ha hatt 770 bilete og seks filmar med overgrep mot mindreårige på datamaskina si. Dessutan måtte han forklare seg om at han hadde sendt bilete av kjønnsorganet sitt til ei mindreårig jente i ein nabokommune.

Mannen sa seg skuldig i å ha sendt bilete til jenta, men hevda i retten at overgrepsbileta på datamaskina hadde hamna der ved ein feil.

Dette trudde tingretten ikkje noko på, og dømde mannen etter aktor si tilråding om seks månader fengsel. To av månadane blir utsett, medan han må inn og sone resten av domen.

Har ikkje vore straffa før

Den tidlegare ustraffa mannen hevda i retten at han ikkje hadde nokon interesse av å ha slikt på PC-en sin, og at søkeord som har med dette å gjere skuldast nysgjerrigheit.

– Retten finn ikkje å kunne feste lit til tiltalte si forklaring om at det aktuelle materialet var på hans PC ved ein feil, og retten finn det bevist utover ein kvar rimeleg tvil at han medvite hadde dei aktuelle bileta og filmane, skriv tingretten i sin dom.

Deltok i barnepornogrupper

Tingretten peikar i dommen mellom anna på at mannen har delteke i ulike samtalegrupper på nettet, der overgrepsbilete har vore tema.

– Tiltala sin handlemåte stadfestar etter retten si vurdering at han medvite og aktivt søkte etter materiale med eit barnepornografisk innhald, skriv retten.

I tillegg til fengselsstraffa, må mannen betale 30.000 kroner i oppreising til jenta han sende nakenbilete til.

NRK har vore i kontakt med mannen sin advokat. Han ønskjer ikkje å kommentere domen.