Hopp til innhold

Manglar tre millionar

NAUSTDAL (NRK): Arrangørane av EM i vektløfting i Naustdal manglar framleis tre millionar kroner på å vere i mål økonomisk.

Stian Grimseth
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

No er det berre er tre månader igjen, men EM-general Stian Grimseth er trygg på at dei skal få det til.

– Vi har mange og spanande prosessar på gang og vi håpar å lande mykje av det, om ikkje alt. Vi ventar på ein del avklaringar frå sponsorar og litt offentlege kroner frå idrettsforbund og kulturdepartementet.

Store verdiar

Det er mange måtar å måle verdien av eit europameisterskap på. I Naustdal får dei ein hall til 12 millionar kroner, og utstyr til 3,8 millionar som skal spreiast til klubbar i heile fylket og andre klubbar i landet som er med og bidreg på dugnadssida.

– Det er ein fantastisk meirverdi. Men med så mykje dugnadsinnsats som skal leggast ned så jobbar vi og for å få eit overskot i meisterskapen, seier Grimseth.

– Kor stort er budsjettet?

– Totalbudsjettet no ligg på vel 14 millionar kroner, men lukkast vi på inntektssida så skal vi nærare 16 millionar kroner. I tillegg kjem hallen i Naustdal til 12 millionar.

Omfattande arrangement

– Det byrjar i høgste grad å bli eit omfattande arrangement, og betydeleg større enn det vi hadde då vi starta, seier Grimseth.

Etter kvart som arrangementet har tatt form har det og opna seg nye moglegheiter.

– Blant anna dette med hall og det å kjøpe så mykje utstyr er ting som har utvikla seg etter kvart som vi har fått inn gode samarbeidspartnarar. Dette er varige verdiar som veldig mange idrettar vil ha glede av.

– Trur du at det de kjem i mål med dei tre millionane?

– Det trur eg, vi er optimistar. Vi kjem til å jobbe heilt inn for å klare det. Vi er opptekne av at vi også skal ha eit økonomisk resultat som er positivt, slikt at arrangøren ikkje skal sitte igjen med utgifter som ein må bruke år framover på å betale ned.

No manglar dei snaue to millionar kroner på å gå i balanse

– Det har vi som eit nedre mål og så har vi tre millionar som eit mål å strekke seg etter, seier Grimseth.

Budsjetterer med låge billettinntekter

Arrangørane for vektløftar EM i Naustdal har budsjettert med 100 000 kroner i billettinntekter for den veka arrangementet varer.

– Vi har ikkje budsjettert med mykje billettsal, så der kan det ligge ei oppside.

Han syner blant anna til skiskyttar VM i Holmenkollen som budsjetterer med ein million eller to i overskot.

– Då har dei 20 millionar i billettinntekter, slik sett ligg ikkjevi høgt der. Men samstundes så vil vi gjere dette til ein fest, og har ein del fribillettar som vi ynskjer å bruke til å invitere inn skuleklassar, og få fylt opp Førdehuset. Får vi meir enn 100 000 så er det fint, seier Grimseth.