Hopp til innhold

No har dei luftputebåt, men ingen vil forsikre han

Ingen ønskjer å forsikre luftputebåten på Veitastrond. Dermed er det utelukka å bruke båten dersom ras stengjer vegen mellom Veitastrond og Hafslo.

Luftputebåten frammafrå

REDNING: Denne luftputebåten er einaste veg ut frå Veitastrond dersom ras stengjer vegen.

Foto: John Molland

Veitastrendingane kjempa lenge for å få på plass luftputebåt. Den vesle bygda i Sogn er heilt avskoren frå omverda når uvêr rasar og fører til mange og store skred langs vegen som går langs Veitastrondvatnet.

Men no viser det seg at ingen er interesserte i å forsikre luftputebåten, og dermed er bygda isolert dersom ras skulle stengje vegen att.

Utelukka å køyre utan forsikring

Vegen til Veitastrond er ein av dei mest rasutsette vegane i fylket. Difor var det ein gledeleg dag i 2001 då dei fekk luftputebåt, og dermed endeleg ein måte kome seg til og frå bygda når snøskreda stenger den einaste vegen til Veitastrond vinterstid. Men no kan altså problem med forsikring føre til stogg for luftputebåten.

– Får vi ikkje forsikring, kan vi ikkje bruke han. Vi kan ikkje køyre utan forsikring. Vi skal jo frakte personar og litt forskjellig, så det er heilt utelukka, seier leiar i bygdelaget, John Molland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftpute på vatn

TIL LANDS OG TIL VANNS: Luftputebåten går like godt på vatn som på islagt vatn.

Foto: John Molland

Ordføraren vil sjå på saka

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, forstår at innbyggarane på Veitastrond er urolege.

– Eg har snakka med veitastrendingar om dette og eg veit at dei er uroa. Eg lovar at eg skal gjere det eg kan for å finne ei ordning, seier Kvalen.

Han torer ikkje å seie kva konsekvensen vert dersom det ikkje let seg gjere å finne eit forsikringsselskap som ønskjer å forsikrar luftputebåten.

Hjelper ikkje alltid med helikopter

– I nødstilfelle har vi helikopter, men vi veit at når vêret er dårleg og vegen stengd av ras, så er det ofte skodde og dårleg flygevêr. Då har vi ei utfordring på Veitastrond, seier Kvalen.

På Veitastrond likar dei ikkje tanken på å skulle gå ein vinter i møte utan luftputebåt, og set no si lit til at dei skal få forsikring i eit svensk selskap.

– Det er klart at skal vi få dei vintrane vi har hatt dei siste åra med mykje stengde vegar, så er ikkje det noko triveleg, seier Molland.