Hopp til innhold

Manar til krig mot grana

– Etter mitt syn burde vi alle starte «krig» mot grana i fjellet. Våpena som passar best er beitesaks, handsag, handmakt for å rive smågranene opp med rota og god gammaldags dugnadsånd! Oppmodinga kjem frå distriktssekretær i LO, Nils Petter Støyva, på Facebook.

Gran i høgfjellet.

SPREIER SEG: Dette var eitt av bileta Nils Petter Støyva tok på ein fjelltur i 850 meters høgde. Han fryktar grana skal spreie seg og øydeleggje for friluftslivet.

Foto: Privat

Den tidlegare ordføraren i Stryn og mangeårig Ap-politikar er ein aktiv friluftsmann som går mykje i fjellet. Nyleg tok han bilete av nokre smågran som han fann 850 meter over havet. Bileta delte han på si private Facebook-side, med ei tydeleg oppmoding om å ta affære for å hindre at grana spreiar seg til høgt til fjells.

Nils P. Støyva

SKEPTISK: Nils Petter Støyva fryktar at grana skal øydeleggje for friluftsopplevingane i fjellet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Grana spreier seg i høgfjellet. Dette treet, som ikkje naturleg høyrer heime i faunaen på Vestlandet, har blitt eit ugras. Om nokre år vil grana forandre fjellheimen vår, skriv Støyva i Facebook-posten.

– Øydelegg for friluftslivet

Frykta hans er at granskogen om 20–30 år skal gjere beslag i store høgfjellsområde. Konsekvensen meiner han er at fjellet får mindre verdi for friluftslivet då grana vil gjere det vanskelegare å ta seg fram og øydeleggje utsikta.

– Den vil endre friluftslivet vårt og redusere opplevinga. I tillegg vil det føre til reduserte beiteområde, seier Støyva til NRK.

– Overraska

Som politikar har Støyva jobba mykje med næringsutvikling i skogbruket. Og han understrekar at han ikkje vil grana i låglandet til livs.

– Den har vore eit gode for vestlandsbonden. Det er grana som veks i høgfjellet eg ikkje er glad for, seier Støyva, som er overraska over det store engasjementet innlegget hans på Facebook har skapt.

Det krev elles minimum løyve frå grunneigar om du følgjer oppmodinga til Støyva.

– Ikkje ugras

Fylkesskogmeister Merete Larsmon ser ikkje på grana som verken ugras eller framandelement.

Merete Larsmon.

IKKJE REDD GRANA: Fylkesskogmeister Merete Larsmon meiner attgroing av lauvskogen er eit større trugsmål mot fjellet enn grana.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har fleire forskingsrapportar som seier at berre i Sogn og Fjordane er det minst 40 naturlege førekomstar av gran. Den er ikkje noko framandelement. Den har vore her før og, slår Larsmon fast.

At fjellvandrarane oftare opplever grantre i høgfjellet overraskar ikkje Larsmon. Ho peikar på at dei siste 70 åra har skoggrensa krope oppover med 50 meter. Forklaringa er først og fremst at det er færre beitedyr i utmarka.

Forklaringa

Larsmon forklarar det samla skogearealet i Norge har utvida seg med kring 10 prosent dei siste 20 åra, og at det er lauvskogen som står for det meste av veksten. Berre rundt 13–14 prosent av det produktive skogearealet i landet er gran. Men klimaendringar har ført til at grana har fått betre vekstvilkår høgare til fjells.

– For to år sidan opplevde vi og den største frøproduksjonen på 25 år. Det er nok den vi ser resultatet av no, når vi ser smågran i fjellet, forklarar ho.