Hopp til innhold

SV-politikar fryktar granskog

- Utplanting av gran langs kysten vil vere å rekne som faunakriminalitet.

Gran
Foto: Ill: Ulf Dreyer/Det norske skogselskap

Organisasjonen Kystskogbruket har føreslege å plante ut 5 millionar dekar med skog som eit klimatiltak, for å binde opp karbon. Det tilsvarar storleiken på Akershus fylke.

Landbruksdepartementet ser positivt på forslaget, og det er eitt av fleire som skal vurderast av regjeringa.

Norvall Nøringset.

Fylkesnestleiar Norvall Nøringset i SV.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

SV-politikar Norvall Nøringset er bekymra.

- Utplantinga av såkalla klimaskog langs kysten må ikkje resultere i meir gran. Det vil i så fall vere å rekne som faunakriminalitet, seier SV-politikar Norvall Nøringset.