Hopp til innhold

Grana skal bort frå verneområda

No skal Fylkesmannen kartlegge og rydde verneområda i fylket for gran.

Granfelling i Prestestølen naturreservat

Prestestølen naturreservat er eit av dei verneområda Fylkesmannen og Statens naturoppsyn alt har rydda for gran.

Foto: Alf Erik Røyrvik

I dag er det granskog i mange av verneområda i Sogn og Fjordane, men grana som frå gamalt av ikkje fanst i fylket er ikkje ein opphavleg del av naturen i verneområda. Rådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Alf Erik Røyrvik, seier at dei no arbeider med å kartlegge og fjerne granskog i verneområda.

– Vi er inne i ein prosess der vi skal kartlegge verneområda og ta bort granskogen. Vi har allereie gjort ein del, men skal til med ein ny runde no og har lagt ut ein anbodsrunde med åtte område som skal kartleggast.

Ikkje naturleg

Grana er ikkje ein naturleg del av artsmangfaldet i Sogn og Fjordane og vart innført gjennom planting av granfelt, mesteparten frå 1940-talet og framover. Det har resultert i at det i dag veks gran i store delar av fylket og også i mange naturreservat. Røyrvik forklarar at granskogen i verneområda no skal fjernast.

Alf Erik Røyrvik

STØTTE: Alf Erik Røyrvik fortel at dei hjå Fylkesmannen er avhengige av støtte over statsbudsjettet for å kome i mål med prosjektet.

Foto: Privat

– Grana er ein tresort som i utgangspunktet ikkje høyrer naturleg til her i fylket, den har blitt innført og i naturreservata blir den oppfatta som eit framandelement som kan truge den opphavlege artssamansetjinga i naturreservata. Vi har eit langsiktig mål om at naturen i verneområda skal vere frie for framande tresortar, slik som gran.

Treng støtte

I år har Fylkesmannen mottatt ekstra midlar frå Miljødirektoratet for å fjerne granskog frå verneområda i fylket. Røyrvik fortel at dei hjå fylkesmannen har eit godt samarbeid med direktoratet, og håpar på meir støtte også i åra som kjem.

– Totalt sett dreier dette seg om fleire tusen kubikkmeter med gran, så det er snakk om ganske store midlar, og vi er avhengige av støtte over statsbudsjettet for å kome i land med arbeidet.