Malene kan døy dersom ikkje andre barn vaksinerer seg

FØRDE (NRK): Fem år gamle Malene har immunsvikt og kan døy av ein vanleg barnesjukdom.

Malene.

FARLEG: For Malene kan det vere livsfarleg å verte smitta av det andre ser på som ein vanleg sjukdom. Ho har nemleg ikkje immunforsvar til å handtere virus eller andre bakteriar.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Vi gjer det vi kan for å beskytte henne, men vi klarer det ikkje åleine, seier mor til Malene, Marianne Solhaug.

Saman med pappa Jan ber dei no ein bøn til foreldre i nærleiken som bevist unnlèt å vaksinere seg sjølve og ungane sine frå dei verste sjukdommane.

– I verste fall kan Malene døy.

Ikkje noko val

I heimen sin i Førde sit Marianne og Jan og held rundt dottera medan dei les i ei bok. Foreldra er smerteleg klar over at dersom den fem år gamle jenta vert sjuk, er det uvisst korleis det vil gå med ho.

Malene har nemleg ikkje immunforsvar til å handtere virus eller bakteriar slik som andre barn kan. Dersom ho vert smitta av andre vert ho difor ikkje sjuk, men veldig sjuk.

– Malene har ei diagnoseliste lang som eit vondt år. Ikkje alt kan gjerast noko med, men det vil vere til stor hjelp dersom andre vaksinerer borna sine.

– I Noreg er jo vaksine gratis også. Difor tykkjer me det er uansvarleg av dei som vel å ikkje gjere det. Det er rett og slett galskap.

Foreldra les ei bok til Malene.

BEKYMRA: Foreldra til Malene, Marianne og Jan, veit ikkje kva som vil skje med ho dersom ho vert sjuk. Vanlege virus for andre barn kan få fatale følgjer for Malene.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Livsviktig at dei rundt er godt beskytta

Tal frå Folkehelseinstituttet (FHI) i 2018 syner at om lag fire prosent av barn i Noreg under to år ikkje har vorte vaksinerte. FHI meiner dette er gode tal, men vil likevel at alle barn skal vaksinerast, mellom anna for å ivareta flokkimunitet som dei meinar ligg på minimum 95 prosent.

Overlege Didrik Vestrheim ved folkehelseinstituttet påpeiker at sjølv om det ikkje er påbode å ta vaksine, så anbefaler han å gjere det, av fleire årsaker.

– For det første er det viktig for barnet sin del for å beskytte mot sjukdommar. Men det er også viktig for dei i miljøet rundt.

– Jo fleire barn som er vaksinert, jo meir beskytta er samfunnet.

Han meiner også at det er særs viktig i tilfelle med barn som har immunsvikt.

– Det at eit barn ikkje responderer på vaksine, eller manglar immunforsvar sjølv, kan få alvorlege konsekvensar. I verste fall kan barnet døy. Difor er det mykje å hente på at omgivnadene er godt beskytta.

– Feil at vaksine er skadeleg

Trass i at dei fleste vel å vaksinere ungen er det fortsatt nokon som meinar at vaksine kan være skadeleg. Karen Sundøy er blandt desse. Ho meiner mange foreldre ikkje er klar over risikoen ein tar ved å vaksinere eit barn for ukjende vaksinar.

– Mange familiar har born som har vorte alvorleg sjuke som følgje av vaksinering, og difor er det viktig å vite litt om konsekvensane, skulle det gå gale.

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Førde meiner derimot det ikkje finst noko som helst dokumentasjon på at det kan vere skadeleg å vaksinere barn i Noreg.

– Det er jo mykje farlegare for barnet å få ein sjukdom som meslingar enn å ta vaksinen, seier han.

Øystein Furnes, kommuneoverlege i Førde.

KLAR TALE: – Det finst ikkje noko som helst dokumentasjon på at det kan vere skadeleg å vaksinere barna i Noreg, seier kommuneoverlege Øystein Furnes i Førde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK