Hopp til innhold

Må vere i beredskap for uværet

Kommunane og kraftselskapa må ha full beredskap i samband med det komande uværet.

Moloen i Bodø storm Cato
Foto: Berthold Hinrichs

Dette seier fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand. Han har i heile dag vore i dialog med kommunar og kraftselskap, og oppmodar dei til å ha dei rette mannskapa på plass.

Høg vasstand og orkan

-Den siste informasjonen frå Meterilogisk Institutt tyder på at uværet tek til for alvor i 20-tida og at det er på sitt verste i 23-tida. Enkelte stader i fylket kan vi oppleve vind opp i orkan styrke. 23-tida er også vasstanden på topp, så dette er ein dårleg kombinasjon, seier Stensvand.

-Så her kan ein oppleve at sjøvatnet går innover land?

-Ein kan ikkje utelukke at vi får problem med dette, seier han.

Eit anna utfall Stensvand fryktar er at uværet skal setje kraftforsyninga ut av spel.

Fryktar straumbrot

-I verste fall kan straumen falle vekk i delar fylket. Dette vil skape utfordrande situasjonar både hos privatfolk, men ikkje minst på fleire av institusjonane ute i kommunane. Det er viktig at kommunane har planar for korleis dei skal gjere det dersom straumen fell ut, seier han.

Kontakt med politiet

Stensvand vil vere i berdskap i heile kveld og natt, og oppmodar ulike instansar om å ta kontakt dersom dei lurer på noko.

-Eg er også i tett dialog med politiet og vil prøve å vere eit viktig bindeledd mellom dei ulike instansane, seier han.