Hopp til innhold

Må rive huset – men får ingen informasjon

Stad skipstunnel gjer at Arild Teigen må rive huset. Men verken Selje kommune eller Kystverket har teke kontakt.

Arild Teigen og faren Kåre Teigen i vinter

MÅ RIVE: Arild Teigen (t.h.) og faren Kåre Teigen, biletet er frå tidlegare i vinter

Foto: Sindre Blålid Kvalheim / Fjordenes Tidende

I Kjødepollen står Arild Teigen sitt bustadhus frå 2002 i vegen for skipstunnelen, men Teigen har ikkje fått informasjon anna enn det som har stått i media.

– Dette er svært dårleg, det vil eg seie. Eg får vel beskjed fyrst når dei kjem med gravemaskinene.

– Ikkje høyrt eit pip

Førre veke møttest Kystverket og Selje kommune for oppstart av reguleringsplan.

Teigen er den einaste som truleg må rive huset sitt.

– Eg har ikkje fått vite nokon ting, berre via aviser og på bygda. Dei håpar på bygging i 2018, no er vi snart halvvegs i 2015. Det er ikkje gjort på eit par månadar å flytte ein heim.

Stad skipstunnel

INNSLAGET: Huset til Teigen ligg midt i innslaget til skipstunnelen.

Foto: Nordwest 3D/Stad skipstunnel

Kommunen gav byggeløyve i 2002

Trass i tunnelplanane fekk Teigen byggeløyve i 2002. Teigen støttar skipstunnelen, men kvir seg til flyttinga.

– Eg bygde huset med eigne hender over to år.

– Tok du ein råsjanse ved å bygge?

– Eg spurte Selje kommune om lov, og dei sa det ikkje var noko problem.

– Byggherren sitt ansvar

I vinter kom Teigen med kritikk i Fjordenes Tidende, men ingen har framleis svara han.

Ottar Nygård

LOVAR INFORMASJONSMØTE: Ottar Nygård er ordførar i Selje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det er Kystverket som har ansvaret for reguleringsplanen, ordførar Ottar Nygård seier han i vinter ba Kystverket om eit møte der framtidig informasjon skulle vere eit av fleire tema. Møtet vart ikkje noko av på grunn av tidspress i Kystverket.

No seier Nygård det går mot eit informasjonsmøte i sommar.

– Då håpar eg at grunneigarane og andre skal få god informasjon.

– Men planane har vore jobba med i årevis?

– Ein kan diskutere kven som skulle gått i dialog med kven, det er jo byggherren sitt ansvar. Vi måtte jo ha noko å fortelje òg, derfor var jo det hensiktsmessig at Stortinget og departementet hadde gjort dei nødvendige vedtaka.

Kallar inn til møte

Terje Andreassen, Kystverket

KUNNE IKKJE INFORMERE FØR: Terje Andreassen er fungerande prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fungerande prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen, seier dei fram til no ikkje har hatt noko faktisk oppdrag om å planlegge ein skipstunnel.

– Det har vore mange utgreiingar, fyrst no har departementet bestilt forprosjekt, og det er på tide å informere grunneigarane.

I slutten av juni kallar Kystverket endeleg inn til møte, stadfestar Andreassen. Arild Teigen krev då å få vite kva som skjer.

– Eg vil vere med på ein diskusjon frå starten av, og ikkje berre få eit brev i posten med at no er det bestemt både det eine og det andre, seier Teigen.