Hopp til innhold

Må ned i stillingar

Dei 42 tilsette ved Saint Jean Wheels i Høyanger må på grunn av dårlegare sal enn venta bu seg på å gå ned i halve stillingar frå mai av, skriv avisa Ytre Sogn. Dei tilsette vart orienterte på eit møte tidlegare denne veka. Fabrikksjef Pierre Ansay, seier det i alle fall blir slik i tre månadar, men håpar på betre sal etter den tid.

John Inge Skrede med den nye felgen frå Saint Jean Wheels
Foto: Rune Fossum / NRK