Hopp til innhold

No mangedoblar dei felgproduksjonen

HØYANGER (NRK): Over 100 millionar kroner og over seks år har det teke. Men ventetida har ikkje vore forgjeves.

Gro Molvik, Saint Jean Wheels.

ARGUSAUGE: Gro Molvik går nøye gjennom felgen før den blir sendt til Chrysler i USA. – I sluttkontrollen ser du til at det ikkje er feil, hakk, slag eller støyperelaterte feil på felgen, seier ho.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Sju år etter konkursen er ein bilfelg igjen komen i serieproduksjon i lokala til tidlegare Fundo Wheels.

Saint Jean Wheels skal frå oktober og ut året produsere 1.000 felgar i veka.

– No er vi komne dit vi hadde som mål, og sett fram til, sidan vi i praksis kom i gang i 2011. No er vi i serieproduksjon, men det er også no jobben byrjar, seier fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen.

Har fått avtalar

Utviklingsprosessen med 20-30 felgar no og då er over i Høyanger. No skal det avanserte produktet industrialiserast.

At dei samstundes har fått leveringsavtale med Audi og Chrysler er gledeleg, gjer ikkje produksjonsprosessen mindre komplisert.

– Utfordringa vår no er først og fremst å få ein sikker og god serieproduksjon. No må vi bevise at vi kan produsere felgen på ein leveringssikker måte. Så får vi sjå korleis prosessen og volumet blir neste år, seier Thorbjørnsen.

Må lukkast

Ståle Thorbjørnsen, fabrikksjef Saint Jean Wheels

FABRIKKSJEF: Ståle Thorbjørnsen hadde over 30 år som tilsett ved Fundo Wheels, den ssite tida som produksjonssjef. No er han fabrikksjef i dei same lokala for Saint Jean Wheels.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Det har gått ganske nøyaktig seks år sidan den franske felgprodusenten kom på bana og overtok fabrikklokala som på det meste sysselsette 350 tilsette.

Då var målet ei gradvis opptrapping, med produksjonsstart hausten 2012 og 500.000 felgar og 150 tilsette innan 2015. I dag jobbar det 30 tilsette ved fabrikken.

– Vi har auka frå 27 og treng nokre få til for å kunne produsere volumet. Vi avheng av å lukkast 100 prosent med produksjonen av hjulet. Ein finn vel ikkje meir kresne kundar enn i bilbransjen, seier Thorbjørnsen.

Argusauge

Ved ein benk kastar Gro Molvik argusaugene sine over ein blankpussa felg som skal til USA for å bli montert på ein Chrysler. Molvik børstar og pussar felgen fri for eventuelle restar og skarpe kantar.

Ho syter for at den ikkje blir sendt av garde med feil eller manglar.

– Er det feil, hakk, slag eller støyperelaterte feil på den, så pusser vi den slik at vi kan legge lakk på den og få eit godt resultat, seier ho.

Nisjeprodukt

Thorbjørnsen har fått signal om at produksjonen kan bli så stor dei ynskjer. Felgane er nisjeprodukt til små seriar, men som gir betre betalt enn hjula i Fundo-tida.

– Det er stor interesse for produktet sidan det er mykje lettare enn konkurrentfelgar eller tradisjonelt produserte felgar. Chrysler seier vi kan få så mykje vi vil, berre vi får det til, seier fabrikksjefen og legg til at det er mykje som kan gå gale.

– Det er meir komplisert enn det folk kjende til frå Fundo. Det er mange fleire prosessar og fleire prosessar vi må ha under full kontroll. Der er vi ikkje enno, avsluttar han.