NRK Meny
Normal

Her må elevane møte sjølv om lærarar streikar

Nær 700 grunnskuleelevar i Førde må halde seg heime om det framleis er lærarstreik når skuleåret startar. Slik er det ikkje ved Hafstad vidaregåande skule.

Hafstad vidaregåande skule

STREIK: 42 av vel 60 lærarar ved Hafstad vidaregåande skule skal streike frå måndag 11. august.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Grethe Øren

SKAL MØTE: Rektor Grethe Øren ved Hafstad vidaregåande skule seier alle elevane må møte til første skuledag som planlagt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rektor Grethe Øren som har ansvar for over 500 elevar ved den vidaregåande skulen, seier elevane der skal møte som vanleg sjølv om det er streik.

– Alle må møte måndag 18. august. Då vil dei få meir informasjon. Dei lærarane som ikkje streiker, vil ha sine fag og timar som planlagt, seier Øren.

Frå og med måndag blir tre skular og i alt 113 lærarar og rektorar her i fylket tekne ut i den omfattande lærarstreiken som vil råke heile landet.

Ikkje drift i grunnskulane

Helge Sæterdal

INGEN DRIFT: Skulesjef Helge Sæterdal i Førde seier det ikkje blir drift ved Førde ungdomsskule og Halbrend skule så lenge streiken pågår.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Om streiken held fram ved skulestart 18. august, vil det råka om lag 670 elevar ved Førde ungdomsskule og Halbrend skule. Ved desse to skulane er alle lærarane i Utdanningsforbundet og også dei to rektorane tekne ut.

– Det blir ikkje drift ved desse skulane så lenge det er streik. Det er beklageleg, men streik er eit lovleg våpen, seier skulesjef Helge Sæterdal i Førde kommune.

Treng dag til planlegging

Den kommande veka skal det vere planleggingsdagar før det nye skuleåret. Desse blir det ikkje noko av.

– Lærarane startar streiken måndag og får difor ikkje tid til førebuing for det kommande skuleåret. Elevane ved ungdomsskulen og ved Halbrend skule som har 5. -10. klasse, får ikkje undervisning når skuleåret startar. Unntaket er nokre sterkt funksjonshemma elevar som får eit alternativt tilbod.

Sæterdal seier at når streiken er slutt, treng lærarane ein dag til planlegging.

– Det vil ikkje vere forsvarleg å starte rett på med elevar. Men dette vil informere meir om på heimesidene vår, seier skulesjefen.

Strid om arbeidstid

Striden mellom arbeidsgjevar, kommunane sin interesseorganisasjon KS og Utdanningsforbundet, har pågått i lang tid og dreier seg i stor grad om kva arbeidstid lærarane skal ha.

Då streiken første gongen blei unngått i vår etter mekling, blei forslaget sendt ut på uravrøysting. Og fleirtalet av medlemene i Utdanningsforbundet var klare på at dei ikkje godtok resultatet.

Til saman er 5500 lærarar i landet tekne ut i streik frå måndag. 22 kommunar og 18 fylkeskommunar blir råka.

Får problem ved langvarig streik

Ved Hafstad vidaregåande skule skal 42 av om lag 60 lærarar streike. Rektor Grethe Øren seier det blir planleggingsdagar heile neste veke.

– Men det blir sjølvsagt ikkje same effekten når så mange lærarar er vekke.

– Kva med dei elevane som har lærarar som streikar?

– Vi må planlegge når vi ser korleis streiken utviklar seg. Vi vil nok ikkje klare å fylle heile dagen, men skal prøve å få til noko meiningsfylt likevel. Blir konflikten langvarig, vil vi få store problem, seier rektoren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser