Hopp til innhold

Må hjelpe skøyte med motorstans til land

Både ambulansebåten Solund og redningsskøyta Utvær har laurdag ettermiddag rykt ut for å assistere ei skøyte som har fått motorstans sørvest av Ytre Sula.

Redningsskøyte

PÅ VEG: Redningsskøyta Utvær er sendt ut for å assistere skøyta som har fått problem. Biletet er frå tidlegare.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det bles litt i området, så om dei blir liggande kan dei drive på noko, seier redningsleiar Owe Frøland ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Dei fekk melding via Kystradioen om at fire personar på ei 40 fot skøyte måtte ha hjelp, etter at dei hadde fått motorstans i området vel 2,5 kilometer frå det ytterste punktet på Ytre Sula.

– Det er ingen dramatikk, understrekar Frøland.

Dei fire om bord er utstyrte med både anker og anna redningsutstyr, men treng hjelp til å få båten til land.

Klokka 13.10 melder Hovudredningssentralen at ambulansebåten Solund har skøyta under slep. Frøland seier redningsskøyta Utvær vil ta over slepet når dei kjem fram til havaristen.

Alle dei fire personane i skøyta skal vere i god behald.