NRK Meny
Normal

- Må finne gode løysingar for cruisenæringa i fellesskap

Alle partane i cruisenæringa må gå saman for å sikre løysingar som både næringa og lokalbefolkninga kan leve med. Det seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Bygdefolket har sett seg lei av cruiseturismen i Flåm

PROTEST: Cruiseturistar som kjem til Flåm no blir møtte av protestar. Fleire i bygda har sett seg lei av dei store skipa som kjem til bygda.

Foto: Ole Andre Rekkedal

– Å vere "mot cruise" er om lag som å vere mot internett, skriv fylkesdirektør for næring, skriv Jan Heggheim i ei pressemelding.

Til NRK utdjupar Heggheim at han likevel meiner at det er på tide for alle partar å setje seg ned og kome fram til løysingar som gjer det mogleg å framleis tene pengar på næringa, men på ein måte som ikkje forargar lokalbefolkninga. I Flåm i Aurland har det siste tida kome fleire lokale protestar mot cruisenæringa.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-SAKA)

Cruisenæringa har ført til protestar frå lokalbefolkinga i Flåm.

SJÅ TV-SAK: Cruiseprotestar i Flåm.

Vil ha handfast fakta på bordet

– Ein gong for alle må vi venne oss til at nokre område er meir belasta av denne industrien enn andre. Nokre verdikjeder tener gode pengar i desse områda, og det må dei få lov å halde fram med. Men, vi må kome fram til løysingar som gjer at det ikkje blir for mykje folk på ein gong. Det trur eg faktisk ikkje reiarlaga er interesserte i heller, for det forringar produkta, seier Heggheim.

Han seier det er naturleg at Fylkeskommunen engasjerer seg i saka, sidan dei legg premissar for utvikling av cruisenæringa.

Jan Heggheim

FAKTA: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, meiner cruisenæringa er komen for å bli, men ein treng også fakta på bordet for å diskutere gode løysingar for alle partar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

2013 var eit toppår for cruiseturismen i Sogn og Fjordane, då ein hadde ein auke på 42 prosent. Skipa blir stadig større og det betyr også at det ofte er særs mange passasjerar som går i land i små og elles folkefattige bygder langs heile Vestlandskysten.

– Vi må få diskutert saka ut ifrå eit felles faktagrunnlag. No er det faktisk ei utfordring, for det er usemje om kva som er sant. Eg håpar vi ser ei betring her, når fleire store forskingsmiljø no er i gang med å finne ut kva verdiskaping som faktisk kjem som følgje av næringa. Så håpar eg næringa er samd i det som kjem fram, seier Heggheim.

For krevjande for hamnevesena

Næringsdirektøren meiner også det må vurderast om det er for krevjande for dei lokale hamnevesena å ha det overordna ansvaret for alt som har med næringa å gjere.

– Cruiseindustrien er så omfattande og har så store konsekvensar at det ikkje berre kan vere opp til det lokale hamnevesenet å halde orden på det. Men, det er vanskeleg for ein ynskjer ikkje å gje vekk konkurransesensitiv informasjon, seier Heggheim.

Cruisebåtar i Flåm

VIKTIG NÆRING: Cruisenæringa er viktig for ei lita bygd som Flåm, men mange i bygda meiner det har gått for langt og at det kjem for mange store båtar til fjordarmen.

Foto: Anders Fretheim

I dag er det kommunestyra som lokalt legg føringar for om hamnevesena skal seie ja eller nei til å ta i mot skip, og som avgjer kor mange skip som kan kome til kai i løpet av ein sesong.

– Kommunen er best eigna

– Alt dette er opp til kvar enkelt hamn, og det trur eg er uheldig. Det er ikkje snakk om ei omfattande byråkrati, men retningslinjer som hamnevesena kan ta omsyn til, seier Heggheim.

Det trur ikkje ordførar i Aurland, Noralv Distad er nødvendig.

– Eg kan ikkje forstå at nokon andre skal vere betre i stand til å gjere denne jobben enn kvar enkelt kommune eller hamnevesen, men det må sjølvsagt skje på beste vis. Det er vi som har ansvar for å legge til rette for infrastruktur, cruise og andre aktivitetar, og vi samarbeider med lokalbefolkninga og næringslivet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå