Hopp til innhold

Må betale for fest dei ikkje var på

Tall Ships Races i Måløy sender inkassovarsel til ein sponsor for deltaking på fest dei ikkje ein gang var på.

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Reiarlaget Torbas i Måløy var med som sponsor under den store skutefesten i fjor. No har dei også fått inkassovarsel på 12 000 kroner for eit såkalla "skipsparty".

Men reiarlaget vil ikkje betale. Dagleg leiar Agnar Lyng skriv til kommunen at personane det er fakturert for ikkje var til stades på festen. Han tykkjer at det er merkeleg med inkassovarsel uten at Vågsøy kommune fyrst prøver å oppklare saka.

Rådmann i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, vil no ta kontakt med reiarlaget. Tall Ships Races i Vågsøy gjekk med 13 millionar kroner i underskot .