NRK Meny
Normal

Lyn-buet i krev pengar av Sogndal

Vegar Gjermundstad vart fristilt frå kontrakten før Lyn gjekk konkurs i mai, og gjekk i sommar gratis til Sogndal. No har Sogndal fått pengekrav frå konkursbuet.

Vegar Gjermundstad og Egil Mundal

SIGNERTE FOR SOGNDAL: Vegar Gjermundstad og dagleg leiar Egil Mundal fotografert 7. juli.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Vegar Gjermundstad, Lyn

LYN-SPELAR: Vegar Gjermundstad i aksjon for Lyn mot Stabæk i fjorårets eliterserie.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I mai stod 20-åringen frå Vadheim, som i fjor vart kåra til årets Lyn-spelar, saman med resten av laget utan arbeid då Lyn gjekk til skifteretten.

Krev 150.000

Men i motsetnad til mange av dei andre Lyn-spelarane var Gjermundstad allereie kontraktslaus då vestlant-klubben kasta inn handkledet.

Både Sogndal og Gjermundstad trudde dermed at alle band til gamleklubben var sletta, då han signerte for serieleiaren i 1. divisjon i sommar.

No krev Lyn-bustyraren utdanningskompensasjon for klubben sine frigjevne spelarar, inkludert Gjermunstad. Kravet til Sogndal er 150.000 kroner, skriv Sogn Avis.

Debuten mot Strømmen kan ryke

Sogndal Fotball aktar ikkje å betale kravet. Dermed kan Gjermundstad minste Sogndal-debuten sin mot Strømmen førstkommande søndag.

– Den kan gå i vasken, ja. For at Vegar skal vere speleklar må alle detaljar rundt overgangen vere avklara, noko dei ikkje er per no, seier sportsleg leiar Trond Fylling i Sogndal Fotball til Sogn Avis.

Norges Fotballforbund jobbar no saman med konkursbuet med å finne ei løysing på saka og har sett 1. august som ein arbeidsfrist. Sogndal-leiinga meiner klubben har sitt på det tørre, og set no si lit til at NFF ordnar opp.

– Veldig spesielt

– Vegar vart oppsagt frå klubben, då han etter fleire lønskutt nekta å skrive under på ny kontrakt. Dette skjedde før Lyn gjekk konkurs, og det står klart i NFF sine reglar at sidan han vart oppsagt har dei ikkje rett på noko form for kompensasjon, seier Fylling til Sogn Avis.

Dagleg leiar Egil Mundal Sogndal Fotball er like klar i sin tale:

– Det er veldig spesielt at ein arbeidstakar blir sagt opp, og deretter blir nekta å ta nytt arbeid, seier han til avisa.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser