John Molland og dei andre grunneigarane på Veitastrond signerer snart det som kan bli ein svært lukrativ avtale for det vesle bygdesamfunnet i Luster. Det lokale kraftselskapet vil byggje ut seks vassdrag i dalen, utan at det skal koste grunneigarane så mykje som ei krone. I tillegg får dei tilbod om 50 prosent av aksjane dersom Luster Energi får leige fallrettane dei neste 40 åra.
Vegtunnel
Men det er ikkje først og fremst dette som gjer avtalen så attraktiv. Ein ny tunnel på den rasfarlege vegen kan òg bli realitet dersom Luster Energi får overta fallrettane.
– Det betyr voldsomt mykje dersom denne tunnelen blir realisert, seier Molland.
Administrerande direktør i Luster Energi, Svein Halveg, håpar grunneigarane på Veitastrond vil signere avtalen innan fristen 24. november. Då kan dei kome raskt i gang med utbygginga til 150 millionar kroner. Utbygginga blir på 60 GWh – som tilsvarar straumforbruket til 4.000 husstandar, opplyser Halveg.
Småkraft taper
Selskapet Småkraft har også vore svært interessert i kraftressursane på Veitastrond. Den kampen ser no ut til å vere tapt, iallfall har John Molland så godt som bestemt seg for å signere kontrakten med Luster Energi.