Lukkinga skjedde utan at saka stod på saklista og fordi ordføraren meinte politikarane måtte drøfte den vanskelege situasjonen.
- Fann det nødvendig
- Vi har hatt så mange episodar rundt dette med Tall Ships Races at eg fann det nødvendig å ta ein diskusjon med formannskapet om dette, forklarar Silden.
Trass i at politikarane i Vågsøy har sagt at detaljane kring Tall Ships Races skal vere offentlege, lukka dei sjølve formannskapsmøtet då situasjonen kring arrangementet skulle drøftast.
Forrige veke vart administrasjonen i Vågsøy
Ville ha rykta på bordet
Saka kom i tillegg opp utan at den stod i innkallinga på førehand. Dette kan vere i strid med kommunelova som seier at politiske møte skal vere opne om det ikkje finst særlege heimlar i lovverket for å lukke møtet.
Ifølgje ordførar Roger B. Silden ville berre politikarane drøfte den kritiske situasjonen kring festen under det lukka møtet som varte over ein time.
- Det vi ønskjer er at alle ting folk har høyrt om skal kome fram. Det går så masse rykte og det er ting som er veldig vanskeleg å få tak i, seier Silden.
Og ifølgje Silden er det nettopp dette han vil ha fram.
- Då er det litt viktig at vi prøver å få tak i desse tinga og får snakka ut om det og prøve å få fram kva som er noko i og kva som ikkje er noko i, forklarar ordføraren.
Seinast denne veke ba Raudt-politikar Geir Oldeide om
NRK kjenner også til at det skal ha blitt
Kan stri mot kommunelova
Gunnar Bodahl Johansen ved Institutt for journalistikk er rekna som ein av landets fremste ekspertar på offentleglova. Han meiner Vågsøy kommune er på kant med
- Så langt eg kan forstå denne grunngjevinga er den heilt på sida av ei kvar grunngjeving som vert gitt for å kunne lukke møtet.
- Meiningslaus grunngjeving
- Slik eg har forståing for denne saka, så er dette berre fordi ein ønskjer å ha det meir lagleg som politikar, og det er ei heilt meiningslaus grunngjeving, seier Bodahl Johansen.
Vågsøy kommune har
Politikarane hadde budsjettert med utgifter på 20 millionar kroner, men utgiftsida enda på 35 millionar.Haldningsproblem
Bodahl Johansen trur politikarane har eit haldningsproblem når dei lukkar denne typen møte.
- Det viser ei politisk haldning frå formannskapet som er ganske skremmande. Men vi ser ganske ofte at når det kjem til ei sak som er ubehageleg så ønskjer ein å skjerme debatten og seg sjølv mot offentleg innsyn.
Uheiderleg
- Eg vil seie det er uheiderleg å opptre på ein sånn måte, seier Bodahl Johansen.
Årsaka er ifølgje Bodahl Johansen at det nettopp er slike saker som er av offentleg interesse.
- Og nettopp den offentlege interessa tilseier at vi skal ha openheit.
- Går utover kommunen sitt omdøme
Ordførar Roger B. Silden er sjølv ikkje sikker på om det han gjorde er i samsvar med lova. Han meiner at kommunen no er så pressa på grunn av støy kring Tall Ships Races at dei berre måtte sende tilhøyrarar på gangen.
- Eg vil ikkje garantere for verken det eine eller det andre. Men eg følte berre at no må vi setje oss ned å snakke om dette her så ope og greitt som mogleg. Eg føler eg må få lov til å snakke med formannskapet mitt om dette, når dette er slik at det faktisk går på kommunen sitt omdøme.