Hopp til innhold

- Demenstilbodet er ikkje godt nok

– Kommunane har framleis litt igjen før dei kan tilby eit godt nok tilbod til demenssjuke, seier politisk rådgjevar, Tord Dale, i Helsedepartementet. Akkurat no har kommunane sjansen til å bli betre.

Tord Dale

BETRE TILBOD: Tord Dale håpar dei 150 millionane frå regjeringa kan bidra til at fleire demenssjuke og deira pårørande opplever eit betre helsetilbod i sin kommune.

Foto: NRK

Det er i dag 70 000 nordmenn som er råka av demens, og talet er aukande. Fleire stader opplever både dei sjuke og dei pårørande at det ikkje finst noko godt tilbod, og Dale gir dei rett i at ting ikkje er godt nok slik det er i dag.

– Eg trur ikkje vi er gode nok, seier han.

Dale er likevel klar på at ting har blitt mykje betre dei seinare åra, og oppmodar no kommunane om å gjere sitt for at tilbodet blir ytterlegare forsterka. Regjeringa løyver no 150 millionar kroner til kommunane for at dei kan styrke tilbodet sitt til demensssjuke.

– Det er viktig at vi byggjer opp eit tilbod, og eg håpar at kommunane vil søkje om få pengar til dette. Pengane blir fordelte fortløpande, seier Dale til NRK.no.

Pengane er øyremerka til dagsentertilbod i kommunane.

Kan gå frå sorglaus til engsteleg

Demens kan arte seg på forskjellige måtar. Hukommelsestap, språkproblem og desorientering er noko av det som kjenneteiknar sjukdomen, medan andre kan oppleve svekka dømmekraft. Forandringar i humør, eller åtferdsendringar der ein til dømes går frå sorglaus til sint eller engsteleg er også noko dei med demens kan oppleve.

Tidlegare denne veka fortalde familien Areklett frå Naustdal si historie om korleis familiefaren endra personlegdom allereie i slutten av 40-åra. Det gjekk sju år før han fekk påvist sjukdomen, og familien etterlyser både meir openheit om sjukdomen og eit betre helsetilbod til unge demente.

Du kan også lese meir om demens på heimesida til Nasjonalforeningen.

– Mykje godt arbeid ute i kommunane

Ingvild Hansen jobbar som aktivitetskoordinator i Nasjonalforeningen for folkehelse. Dei er interesseorganisasjon for menneske med demens og deira pårørande. Ho er full av lovord om den jobben som i dag blir gjort ute i kommunane. Det finst fleire lokale demensforeiningar, og Hansen seier desse gjer eit særs viktig arbeid.

– Dei har vore spydspissar inn i den kommunale demensomsorga. Dei har til dømes ein lang tradisjon med å drive kurs for pårørande og samtalegrupper, seier Hansen.

Ho seier det stadig blir oppretta fleire slike lokallag og syner mellom anna til at det både i Naustdal og Florø no vil bli arrangert pårørandekurs.

– Det er første gong dei arrangere slike kurs, og det er kjempeflott, seier Hansen.

Dei lokale demensforeiningane jobbar tett opp mot kommunane og er også opptekne av å utvikle tilbodet opp mot demente og deira pårørande. Hansen fortel at lokallaget i Hornindal nettopp har hatt møte om korleis song og musikk kan vere ein viktig del av tilbodet.

Eit fåtal med dagtilbod

Det er eit uttala mål for regjeringa å få til eit endå betre tilbod for menneske som er råka av demens. I 2007 vart det lagt fram ein eigen plan for tilbodet, kalla ”Den gode dagen”.

Målet er å sikre eit betre aktivitetstilbod for dei som er sjuke, meir kunnskap og kompetanse i både omsorgstenesta og i samfunnet, i tillegg til utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimar som er tilrettelagde for demenssjuke.

At kommunane no kan søke på 150 millionar kroner til nettopp slike dagsentertilbod lokalt i kommunane er Hansen glad for.

– Vi er veldig opptekne av at kommunane har fokus på å få på plass dagtilbod. Slik det er i dag er det under ti prosent av dei heimebuande med demens som har eit dagtilbod, og det er alt for lite, seier Hansen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alderdom

TABU: Demens er framleis ein tabubelagt sjukdom blant mange. Spesielt når den råkar yngre menneske.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Gode tilbod kan bremse utviklinga

Tor Atle Rosness ved Nasjonalt kompetansesenter for demens sa til NRK tidlegare denne veka at det er viktig at det blir jobba med å tilretteleggje for tiltak som kan gjere det enklare å leve med sjukdomen. Både for den sjuke sjølv, men også for dei pårørande.

Sjølv om den sjuke aldri kan bli kvitt demensen kan avlasting i heimen og aktivisering av den sjuke gjere kvardagen mykje enklare for alle partar. Dette er politisk rådgjevar i Helsedepartementet, Tord Dale, samd i.

– Vi har sett resultat av at dei som har fått eit dagsentertilbod får det betre. Dei kjem i eit miljø med helsefagleg hjelp, og i eit miljø der dei bli stimulert. Dette kan bremse utviklinga av ein demenssjukdom, seier Dale og legg til:

– Handlingsplanen ”Den gode dagen” handlar nettopp om å gje demenssjuke gode dagar.

Sjølv hadde Dale ei mormor som vart råka av demens tidleg, og han såg då veldig tydeleg at det betydde noko for ho å ha eit tilbod.

– Ho hadde sunge i kor heile livet, men miste språket. Det at ho likevel kunne nynne med, det å kjenne att songane, det vart eit anker i ein usikker kvardag, seier Dale.

– Bør nytte seg av handsrekkinga

Hansen i Nasjonalforeningen håpar no kommunane gjer sitt for å sikre at tilbodet til demenssjuke kan bli endå betre.

– Det er veldig flott at demensplanen gir øremerka midlar til dette arbeidet, og det er viktig at kommunane no er på. Dei bør nytte seg av denne handsrekkinga, oppmodar aktiviteskoordinatoren.