Hopp til innhold

Lovar ei meir rettvis fordeling av statlege arbeidsplassar

Under eit møte på Nordfjordeid varsla kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland at regjeringa vil kome med ei meir rettvis fordeling av statlege arbeidsplassar.

Monica Mæland (H), Kommunal- og moderniseringsminister

STATLEGE ARBEIDSPLASSAR: Monica Mæland (H) er kommunal- og moderniseringsminister

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK SOGN OG FJORDANE

Måndag var Mæland frå Høgre på Nordfjordeid for å hente innspel til ny distriktspolitikk.

– Vi må sørge for at vi ikkje tømmer enkelte lokalsamfunn for statlege arbeidsplassar, og bygger opp statlege arbeidsplassar berre på ein stad i eit fylke, seier Mæland.

Sjølv om Kommunal- og moderniseringsministeren er stolt over at regjeringa dei siste årar har flytta ut nesten 900 arbeidsplassar vedgår ho samstundes at dei ikkje har vore flinke nok til å tenke heilskapleg.

– Kvar statleg verksemd har tenkt fornuftig kvar for seg men samla har det fått den konsekvensen at nokre byar og tettstadar har blitt kraftig råka av statleg effektivisering, seier Mæland.

Sentralisering

I Nordfjord har ordførar Alfred Bjørlo kjent på akkurat dette.

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid

VIL HA STATEN PÅ LAG: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK SOGN OG FJORDANE

– Over tid har Nordfjord som region blitt t tømd for statlege kompetansemiljø. Det å ha statlege kompetansemiljø og alle arbeidsplassane det gir er viktig utviklinga av regionen, seier Bjørlo.

Men når han samanliknar Nordfjord med dei to andre futedømma kjem han dårleg ut. Bjørlo har rekna ut at Nordfjord treng 1100 statlege arbeidsplassar for å vere på line med Sogn og 1500 for å vere på linje med Sunnfjord.

– Vi har eit fantastisk næringsliv som treng meir folk. Det er eit enormt potensial, men vi må kunne tilby ein heilskapleg arbeidsmarknad også med statlege arbeidsplassar. Her har Nordfjord konsekvent kome tapande ut i den statlege silotenkinga, der kvar sektor berre ser seg sjølv og sentraliserer og flyttar vekk frå ein region som Nordfjord, seier Bjørlo.

Viktig arbeidsplassar

Mæland seier det no går føre seg eit stort arbeid med flytte ut oppgåver frå staten til regionane og brukar Vestland som eit døme på ein større og sterkare region som kan ta regionalt ansvar.

– Statlege arbeidsplassar er viktige for mange. Det er ikkje det vi skal leve av, men dei er viktige fordi dei ofte er kompetansearbeidsplassar. Det er slik at sju av 10 tilsette i staten jobbar utanfor Oslo, seier Mæland.

– Orkar de å sette i gang dette ein gang til, å flytte arbeidsplassar frå Oslo. Det er lange prosessar og store protestar?

– Det orkar vi. Først og fremst handlar det no om korleis staten regionalt er delt inn, og korleis staten effektiviserer. Vi må sørge for at vi ikkje tømmer enkelte lokalsamfunn for statlege arbeidsplassar, og bygger opp statlege arbeidsplassar berre på ein stad i eit fylket, seier Mæland.