Hopp til innhold

Lovar 30 nye studieplassar

Berre timar etter at kunnskapsministeren var på besøk og fekk høyre bøna frå bransjen kom den gode nyhenda. Det er føreslått 20 nye studieplassar innan el-fag og ti plassar innan subsea-utdanninga i fylket.

Kristin Halvorsen (SV)

LOVAR NYE PLASSAR: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen fekk høyre bøna onsdag, og allereie dagen etter kom lovnaden.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det var under opninga av ein valkampdebatt på Leikanger torsdag kveld at den glade nyhenda kom.

Regjeringa lovar at dei i komande statsbudsjett vil føreslå å opprette 20 nye studieplassar innan el-fag ved Høgskulen si avdeling i Førde.

– Kjempeflott! Dette takkar og bukkar vi for, jublar Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi.

Møtte ministeren onsdag, så...

Og det er slett ikkje utan grunn han gler seg over beskjeden. Det er eit skrikande behov for ingeniørar i fjordfylket og seinast onsdag denne veka bad næringa og Høgskulen i Sogn og Fjordane om at noko måtte skje med utdanninga.

El-fagutdanninga i Førde starta opp i fjor, og er eit samarbeid med el-bransjen. Med bakgrunn i det enorme behovet for denne typen arbeidskraft har dei sagt seg villige til å betale for studieplassane dei to første åra.

På møtet denne veka bad næringa og skulen om at staten tek over og betaler for studieplassane.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Det er stort behov for ingeniører i Norge. 
I Sogn og Fjordane har flere bedrifter betalt for ingeniørstudier slik at de kan få tak arbeidskraften de trenger. No mener de at staten må knuse sparegrisen.

ALLE VIL HA DEI: Alle ønskjer seg fleire ingeniørar, men kven skal ta rekninga? Onsdag denne veka var Kristin Halvorsen i Sogn og Fjordane for å høyre bøna frå både skulen og næringa.

Fryktar ikkje eventuelt regjeringsskifte

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) kunne onsdag ikkje love meir pengar, men at regjeringa no altså lovar 20 nye studieplassar er svært gledeleg, meiner Midtbø.

Og han er ikkje redd for at eit regjeringsskifte vil kunne endre på lovnaden.

– Viss dette no ligg inne i statsbudsjettet, og det kjem ei ny regjering, så skal vi passe på at den posten kjem på bordet og kjem ut til ingeniørhøgskulen i Sogn og Fjordane. Det skal eg love.

– Så dette betyr at det studiet som de sette i gang og betalte for i eit par år, det er no liv laga og blir vidareført?

– Det stemmer, og det er vi kjempeglade for, seier Midtbø, som i tillegg til å vere nettsjef i Sunnfjord Energi er femtekandidat for Sogn og Fjordane Ap til Stortinget.

– Raskare enn vi våga håpe på

Også SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane gler seg stort over lovnaden frå partikollegaen.

– Det gjekk kanskje litt raskare enn vi våga håpe på. Men Kristin Halvorsen har god kjennskap til fylket, og fekk veldig tidleg presentert både behovet og viljen til å satse frå næringa og Høgskulen i si side.

– Eg synest det er flott at kunnskapsministeren kastar seg rundt og syter for at Sogn og Fjordane, Høgskulen og miljøet her får ein god del av dei nye studieplassane som no kjem, seier Johnsen.

I tillegg til 20 nye plassar på el-fagutdanninga får også subseautdanninga i Florø ytterlegare ti studieplassar Subsea-utdanninga vart oppretta i samarbeid mellom Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og næringslivet i Florø.

Etter 40 års kamp, får Florø endeleg eit heiltids høgskoletilbod til byen. 
Ingeniørfaget i undervass-teknologi blir finansiert nesten utelukkande av private bedrifter.

STARTA OPP I HAUST: Etter 40 års kamp fekk Florø i haust endeleg eit eige høgskuletilbod til kystbyen Ingeniørfaget i undervassteknologi blir finansiert nesten berre av private.