Hopp til innhold

Lokalt store nedbørsmengder gir flaumfare

NVE fryktar lokal flaum når skyene skal tømme seg for vatn utover dagen. – Det er heftig. Sjølv for Vestlandet, seier regionsjef Brigt Samdal.

Nedbørsområde på veg mot Vestlandet

TEPPE: Nedbøren kjem som eit teppe mot Vestlandet. Og nedbøren kjem i to puljar.

Foto: Vêrradar / yr.no

Vêrvarslinga på Vestlandet har gått ut med obs-varsel for Hordaland og Sogn og Fjordane som fortel om 30–50 millimeter nedbør i løpet av det neste døgnet.

Men sanninga kan fort bli ei heilt anna.

– Det er nok meir rett med tre til seks timar, og det er ganske mykje, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Fløymde kjellarar

Brigt Samdal

MYKJE: – Det er eit nedbørsområde med relativt mykje nedbør, seier Brigt Samdal og presiserer at NVE ikkje fryktar at nedbøren vil føre til flaumutfordringar i bekkar og elvar.

Foto: NRK

– Får vi så mykje nedbør, så vil det merkast. Men våre prognosar viser at intensiteten er strekt litt lenger ut. Jo lenger periode det kjem over, jo betre blir det teke unna, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Han legg til at det alltid er knytt uvisse til varsel og prognosar, men legg til at han vil følgje med på nedbøren som allereie har festa grepet om vêrbilete på Vestlandet.

I Rogaland er brannvesen i Haugesund og Karmøy allereie i sving med å hjelpe folk som har fått vatn i kjellarane sine etter eit kort og intensivt regnskyll.

Kan føre til flaum

Oversvømmelser på Haugalandet

I KJELLARAR: På Haugalandet har det kome så mykje nedbør på kort tid at det har ført til overfløyming.

Foto: Thomas Halleland / NRK

NVE seier at nedbøren kan skape utfordringar på Vestlandet. Det er ikkje auka fare for jordskred.

– Det er heftig, sjølv for å vere på Vestlandet. Når det kjem slike mengder konsentrert, så kan det føre til lokal flaum når vatn tek andre vegar enn det skal. Det kan vere kulvertar eller avløp som ikkje er reinska opp eller går tette, seier Samdal.

Heile Vestlandet

Regionsjefen seier at nedbørsområdet vil følgje vestlandskysten nordover til Møre og Romsdal. Han oppmodar folk til å passe på at sluk, kulvertar og rør ikkje går tette.

Styrtregn på Haugalandet

MYKJE VATN: Målingar på Haugalandet i Rogaland viser opp til 23 millimeter nedbør i løpet av ein time. Sjølv om det framleis blir nedbør utover dagen, skal det verste vere over no.

Foto: Kjell Bua

Til no har Hordaland og Rogaland fått den meste biten.

– Det verste er når vatn byrjar å ta nye vegar. Då er ikkje naturen budd på å handtere det, så det viktigaste er at vatnet får renne der det skal renne. Då bør dette gå ganske bra, seier han.

To frontar på veg

Geir Ottar Fagerlid

GODT NYTT: Geir Ottar Fagerlid har ikkje berre dårleg vêrnyhende. – Søndag blir ganske fin, med opphaldsvêr og temperaturar på kring 20 grader på dagtid, seier han.

Foto: Meteorologisk Institutt

Lågtrykket har i løpet av morgontimane kome frå sørvest. Fagerlid opplyser at det truleg er indre strok som vil få mest nedbør. I første omgang.

Det blir ikkje mykje vind å snakke om, men det kan bli innslag av lyn og tore. Spesielt i Rogaland.

– Det kjem fort, og det går fort over. I etterkant kjem også kaldfronten, så to frontar vil passere over i løpet av dagen. I kveld og natt er det kanskje nord i fylket som får mest nedbør, seier Fagerlid.