Hopp til innhold

Lokalt selskap tapte oppdrettskamp

Delvis lokalt eigde Blom fiskeoppdrett har fått avslag frå fylkeskommunen om å drive oppdrett utanfor Husevågøy i Nordfjord. I staden er det ei gruppe av eit oppdrettsselskap frå Austevoll som har fått konsesjonen. Grunngjevinga til fylkeskommunen er at det er desse som har mest bruk for lokaliteten.

Dagleg leiar i Blom fiskeoppdrett, Øyvind Blom, er skuffa.

– Denne saka er veldig viktig for oss. Vi er delvis eigde frå Måløy og vi ynskjer eit fotfeste i Sogn og Fjordane.

Selskapet kjem til å klage på vedtaket.

– Vi meiner fylkeskommunen har gjort feilvurderingar og feilberekningar av dei kriteria som skal vere avgjerande. Vi vil be dei om å gjere om vedtaket, eller sende det vidare til Fiskeridirektoratet for endeleg avgjerd, seier Blom.

Husevågøy
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK