Hopp til innhold

Lokale bryggeri klarer ikkje produserere nok øl

Dei to lokale ølbryggjeria Kinn og Ægir er blitt svært god butikk for eigarane. Omsetnaden aukar sterkt, og no byggjer dei nye bryggeri og tilsett fleire folk for å auka produksjonen.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

STOR PRODUKSJON: Espen Lothe ved Kinn bryggeri jobbar på spreng for å produsere juleøl

Foto: Birger Meland / NRK

Bryggerimeister Espen Lothe ved Kinn bryggeri gler seg over suksessen og går gjennom planane for produksjon dei neste vekene. For det er travle dagar på Kinn bryggeri. Kapasiteten er sprengt. Heller ikkje i år blir det nok juleøl til pinnekjøtet.

– Det blir ikkje det, og det har vi visst sidan i fjor. Etterspurnaden er så enorm. Det har auka så utruleg på med interessa i den norske ølmarknaden og så toppar det seg til jul, seier han.

– Er det dei lokale folka som først får ølet de produserer?

– Ja, det er slik det må vere. Folk bør helst drikke øl frå det lokale bryggeriet sitt. Då er det viktig at vi klarer å levere øl lokalt i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Evan Lewis

IKKJE NOK: Evan Lewis har investert for 18 millionar i eit heilt nytt brygger. Likevel klarer ikkje Ægir produsere nok øl til alle som vil ha.

Foto: Arne Veum

Over all forventning

På Ægir har dei nyleg investert 18 millionar kroner i eit heilt nytt bryggeri. Også dei må jobba hardt for å forsyna folket med lokalt øl, det seier administrerande direktør Evan William Lewis.

– Igjen har det gått over alle forventningar. Berre i dei første åtte vekene etter opninga i sommar, produserte vi 120 000 liter, men det var ikkje i nærleiken at det som marknaden vi ha. Det er ei veldig spennande vekst og utvikling.

Saman med Aud Melås grunnla Lewis bryggeriet i 2007, som det første ølbryggeriet i fylket. Med 41.000 liter øl førsteåret, overgjekk oppstartsåret Lewis sitt håp om å klare 15.000 liter. Sidan har salet stige til vêrs.

I slutten av året reknar dei med å ha ei omsetning på 12 til 13 millionar kroner. Og det krev meir arbeidskraft.

– Vi har seks årsverk no og blir sju på nyåret, fortel han.

Satsar på mangfald

Oppskrifta på suksessølet er enkel. Dei lagar øl som folk vil ha.

– Vi har heile tida satsa på kvalitet og smak, ikkje minst eit mangfald. Det skal alltid vere mange sortar å velje mellom, slik at kvar person finn noko dei likar. I tillegg har vi fått bra distribusjon, seier Lewis.

Steg for steg

Espen Lothe på Kinn bryggeri reknar med å ha ei omsetning på sju millionar kroner i slutten av året. Han skuldar suksessen på forsiktig satsing frå byrjinga.

– Vi har teke dette steg for steg, med små investeringar. Vi har gjort det på ein rimeleg og bra måte. Når vi kjem opp i det volumet vi ønskjer, tener vi faktisk pengar også.