Hopp til innhold

Kinn Bryggeri planlegg nytt juleøl

Allereie før dei siste edle Julefred-dråpar har landa i flaskene, har Espen Lothe og Kinn Bryggeri starta planlegginga av neste års juleøl.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

TRAVLE DAGAR: Espen Lothe ved Kinn Bryggeri hadde ikkje drøymt

Foto: Birger Meland / NRK

Kinn bryggeri

HER BLIR DET LAGA: Bryggeriet er i ferd med å vekse seg ut av lokala.

Foto: Birger Meland / NRK

Det vesle bryggeriet i Florø har fått strålande kritikkar for årets juleøl både hos VG og bladet Aperitiff.

I dag vart dei siste flaskene med Julefred tappa og sett på lager. Om litt starter dei produksjonen til neste år.

– Vi er allereie byrja å tenke på neste jul. Det er noko som heiter «Never change a winning team» og vi skal ikkje tulle med julefreden vi har no. Men eg har planlagt eit alternativt juleøl til neste år. Det blir eit ekstra sterkt juleøl som vi skal byrje å brygge rett over nyttår, fortel Espen Lothe.

Slår dei store

Julefred

POPULÆRT: Juleølet frå Florø forsvann fort frå butikkhyllene.

Foto: Birger Meland / NRK

Bryggeriet starta opp i desember 2009. Dei selde 33 000 liter med øl første året. Det var ti prosent over budsjettet.

I år har juleølet frå Florø fått bein å gå på. Gode kåringar i konkurranse med dei store bryggeria hjelper også godt på.

– Eg hadde vel eit håp om at vi skulle klare det kvalitetsmessig, men den volumauken vi har hatt hadde eg aldri drøymt om, seier Lothe.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:

Sjølvlaga oppskrift

Vinmonopolet har att berre nokre få flasker, medan butikkutsalet i kystbyen også er tomt. Etter at flaskene er tappa, godgjer flaskene seg i ei veke på lageret.

– Men her har vi noko på gang, og vi reknar med å ha meir i slutten av veka, seier Lothe, som sjølv har laga oppskrifta på Julefred.

Medan føremiddagen måndag gjekk med til å avslutte årets Julefred-produksjon, går ettermiddagen til å starte opp att produksjonen av Vestkyst.