Hopp til innhold

Lokalt bryggeri trur på stor auke i produksjonen neste år

Ølprodusenten Ægir i Flåm gjer stor suksess og produserer stadig meir lokalt brygg. Neste år er målet 500 000 liter.

Evan Lewis

SUKSESS MED ØL: Evan Lewis fotel om stadig større produksjon i Flåm.

Foto: Arne Veum

Det er Sogn Avis som skriv om bryggeriet som stadig når nye høgdar.

Mirkobryggeriet i Aurland starta opp sommaren 2007. Målet var å produsere til eige bruk på kroa og puben i Flåm. Men sidan har det berre gått oppover. I år reknar Evan Lewis at dei kjem til å produsere 350 000 liter. I 2013 trur han dei passerer ein halv million liter.

Lewis seier til Sogn Avis at det er salet til daglegvarebutikkar og Vinmonopolet som står for den største auken.

– I tillegg går fatølet unna med rekordfart. Vi får også nye sortar, for ølentusiastane er opptekne av å smake noko nytt. Det tek vi på alvor, seier Lewis

I år reknar han med å produsere over 25 ulike ølsortar i bryggjeriett. Tidlegare har dei hatt lisensbrygging i Belgia, men frå i mai opnar han eit nytt og stort bryggeri i Flåm, slik at heile produksjonen kan vere i bygda.