Hopp til innhold

Lokale snøskredvarsel kan berge liv

Nye og lokale snøskredvarsel skal vere på plass innan midten av januar. Håpet er at dette skal snu den negative trenden med dødsulukker.

Søk i skredet

SØK I SKRED: Fleire menneskeliv har gått tapt i snøskred dei siste åra. Om få veker vil eit nytt lokalt snøskredvarsel vere klart.

Foto: Alf Waaler

50 observatørar landet rundt skal sjekke den lokale skredfaren for å få ned eit aukande tal omkomne av snøskred.

Bodil Ust i Statens vegvesen skal halde oppsikt med områda i Jølster.

– Vi pakkar sekken, spenner på oss ski og tek spaden og utstyret med oss ut i terrenget, fortel ho.

– Komplekst fag

Blant andre Statens vegvesen og NVE samarbeider om det nye varselet. Snøskred har siste fire åra kravd kring 30 menneskeliv.

Den verste snøskredulukka i etterkrigstida er skredet som 5. mars i 1986 kravde livet til 16 soldatar i Vassdalen. 7. mars 1956 står likevel som den verste snøskreddagen, då fleire snøskred kravde livet til 21 menneske i Lofoten og Vesterålen.

– Snøskredfare er for det første eit veldig komplekst fag. I tillegg er det veldig lokalt. Ein må ut og sjå det, seier Ust.

Berg- og dalbane

Christina Kvamme

TEKEN: Christina Kvamme og ei veninne vart tekne av snøskred i Luster.

Foto: Privat

Kor hjelpelause ein blir når tonnevis med snø losnar og kjem buldrande ned fjellsida i fleire hundre kilometer i timen, er noko Christina Kvamme fekk oppleve då ho og ei veninne skulle på ski ved Turtagrø i Luster for nokre år sidan.

– Veninna framfor meg sa «faen». Så revna heile sida som eit ark under oss. Vi for nedover under snøen. Det var som ei berg- og dalbane. Det var raskt og intensivt. Du fekk eigentleg ikkje med deg kva som skjedde, fortalde ho.

Leika seg i snøen

Henning Hamnes og Henri Hannes

FRYKT: Henning Hamnes og Henri Hannes vart begge tekne av snøskred i Aurland.

Foto: Johannes Morland / NRK

Henning Hamnes tok skrekken etter at han og ein kamerat vart tekne av snøskred medan dei leika seg i bratte fjellsider og laussnø i Aurland i 2011.

– Eg hadde snø i munnen og over ansiktet. Det var skikkeleg vanskeleg å få puste, men eg fekk litt luft så eg fekk ropt på kompisen. Men det kom ingen Hannes, kunne Hamnes fortelje til NRK etterpå.

Fryktar auke

Rune Engeset

FRYKT: Rune Engeset.

Foto: Roar Halten / NRK

Det nye varselet skal særleg hjelpe skiløparar å vurdere faren, seier seksjonssjef i NVE, Rune Engeset.

– Ein ser at det er mange snøskredulukker. Det er no 29 menneske som har gått med i snøskred dei siste fire vintrane. Vi er no i starten av denne vinteren, seier han.

– Vi trur også at folks bruk av fjellet er aukande, særleg bratt terreng. Så vi fryktar at tala kan stige utover, held Engeset fram.

Døydde før helga

På få veker har to personar omkome av snøskred i Hemsedal. Seinast før helga då ein svensk isklatrar vart teken av snøskred .

Håpet er at det nye varselet skal redde liv.

– Ja, det håpar vi heilt klart, avsluttar Ust.