Å ta for seg lokalmat og natur har vist seg å vere ei oppskrift på suksess for Selja Forlag og Skald Forlag.
Til saman har Skald selt kring 15.000 bøker dette året, og her er boka Fjell den som har selt mest. Forfattar Norman Kjærvik tek oss med på tur i Jotunheimen.
Kokebok sikker vinnar
Selja Forlag har lenge hatt ein sikker vinnar i kokeboka Fjordamat, som kom ut første gong i 1999. Men no har ei barnekokebok frå Honndalen selt i søkk og kav. Det fortel forlagssjef i Selja, Torkjell Djupedal. Den har nådd ut over heile landet, og inneheld enkle oppskrifter som alle kan lage. Årsaka til at den går så bra er nok omtalen boka hadde på morgonsendinga til TV2, seier forlagssjefen.
Skald stor på natur
For Skald sin del er det altså naturopplevingar som er tingen. I tillegg til boka Fjell, har Dagblad-fotograf Oddmund Lunde skrive ei bok kalla Mellom Nordfjella. Fjell sler an, seier forlagssjef i Skald, Lars Nes.
Sel over heile landet
Det som ser ut til å vere ein ny trend er at lokale forlag lagar bøker som folk over heile landet kjøper. Barnekokeboka er eit slikt døme. Dei har sendt ut 2-300 pakkar med bøker til privatpersonar og butikkar frå Vardø til Mandal. Og Lars Nes stadfestar at slik er det også for Skald-bøkene.