Hopp til innhold

Lødemel vil verne Nødseth

Bjørn Lødemel vil ikkje endre Jacob Nødseth sitt kandidatur til stortinget.

Jacob Nødseth

Bjørn Lødemel vil verne Jacob Nødseth.

Foto: AUF i Sogn og Fjordane/Erlend Bø

Tidlegare nekta fylkesleiaren og stortingskandidaten for Høgre å komentere kva følgjer dette kunne få for Nødseth.

Men fredagkveld seier Lødemel det er uaktuelt å gjere endringar på nominasjonslista til Høgre i fylket.

Stor debatt

Saka om politikar Jacob Nødseth har vore grundig diskutert.

Andrekandidaten til Stortinget har fått skarp kritikk frå partilaget etter skuldingar om at han har medforfatta eit støtteinnlegg til seg sjølv signert av Frp.

Diskuterer vidare

- Når fylkesstyret skal drøfte kritikken som er retta mot Nødseth, vil det også vere naturleg å drøfte dei utfordringane som er i Flora Høgre, seier Lødemel.