Hopp til innhold

Nødseth: - Skreiv ikkje lesarbrevet

Jacob Nødseth (H) avviser påstandane om at han skreiv delar av eit lesarbrev for Frp.

Fleire kjelder i Flora Frp stadfestar i dag at Nødseth skal ha skrive delar av ein rådmannskritikk , og støtteerklæring til Nødseth, som torsdag stod på trykk i Firdaposten. Dette avviser Nødseth.

- Eg har hatt ein tett dialog med Frp, kanskje ein for tett dialog enn det som er heldig, men eg står fast på at eg ikkje har skrive lesarinnlegget som er signert Flora Frp si bystyregruppe, seier Nødseth.

- Viktig å samarbeide

Tidlegare Frp-topp i Flora, Olav Mølster, er mellom dei som stadfestar at Nødseth var med på å utforme lesarbrevet. Ovanfor Firdaposten stadfestar han at både Høgre og Framstegspartiet er samde i saka. Striden mellom rådmannen og Nødseth kjem av framlegget om å gjeninnføre ølpol i kystbyen.

- I lokalpolitikken er det viktig at gode krefter samarbeider. Eg er oppteken av å halde ein tett dialog med samarbeidspartnarar med mitt parti lokalt, seier Nødseth.

Sende ut pressemelding

Etter oppslaget laurdag, sende Sogn og Fjordane ut ei pressemelding der Nødseth vedgår at ting burde vore gjort annleis.

- Eg erkjenner at ting kunne ha vore gjort annleis og at eg og andre med meg kan ha vore upresise i uttrykksforma, seier Jacob Nødseth.

- Provoserande og sårande

- Eg håpar dei fleste vil forstå at å bli kalla "kujon", uærleg osv. av rådmannskandidat Heggheim i aviskronikk, er både provoserande, sårande og opplevast som feil, seier Nødseth som opplevde det som positivt då Mølster uttrykte støtte.

- Å ha kontakt med lokale politikarar i andre parti meiner eg er fornuftig, men eg ser at dialogen kanskje vart for tett med tanke på at denne saka m.a. dreier seg om ei støtteerklæring til meg, seier Nødseth.

- Glad fylkesleiar

Fylkesleiar i Høgre, Bjørn Lødemel, er glad for at Nødseth orsakar handlemåten sin.

- Eg forstår at Jacob føler det var sårande å bli kalla kujon i fleire avisutspel, men at handlemåten her var kritikkverdig, seier han.