Ordføraren vedgår at det har gått trått med omstillinga i Høyanger etter Fundo-konkursen

Arbeidet med nyetableringar og omstilling i næringslivet i Høyanger slit i motbakke. Måndag vart det kjent at nyetableringa Cool Flames Technologies på Kyrkjebø må skjere ned talet på tilsette.

Høyanger sett frå Bugeheia

FÅ NYE ARBEIDSPLASSAR: Sidan 2009 har det vore smått med nyeatbleringar i Høyanger

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ordførar Petter Sortland vedgår at det ikkje har blitt dei heilt store resultata av omstillingsmillionane kommunen har fått dei siste åra.

– Omstillingsarbeidet etter Fundo-konkursen har gått litt meir trått enn det omstillingsarbeidet som starta alt i 2004 då Hydro varsla nedbemanning. Då hadde vi nokon raske etableringar som gav god effekt tidleg.

Ordføraren ramsar opp Safe Clean med vekst frå fire til 30 tilsette frå 2004 til i dag, Eras Metal har auka frå to til 30 og Østerbø Maskin frå 15 til 30. Osland Havbruk har og auka talet, det same gjeld datafirmaet KvalitetsLosen, som har fem tilsette i Høyanger og fem i Oslo.

– Så det er spor etter omstillingsarbeidet i Høyanger. Dersom nokon trur det ikkje var det, så er det heilt feil.

Fundo Wheels i Høyanger

HER VAR DET 300 TILSETTE: Fundo Wheels. Det nye selskapet som overtok er snart oppe i 30 tilsette.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Risikosport

Men etter at Fundo gjekk konkurs i 2009 og 300 arbeidsplassar gjekk fløyten er ikkje skrytelista særleg lang. Høyanger fekk 30 millionar kroner til omstilling i 2009, og ein del av dette er brukt til Cool Flames Technologies på Kyrkjebø.

Der stod ein flunkande ny SIVA-finansiert fabrikk ferdig i fjor. Det var snakk om 120 tilsette. Men talet på tilsette er pr. i dag berre fire, og no skal dette puslete talet faktisk reduserast. Høyanger-ordføraren avviser at dei er førde bak lyset.

– Nei, det er vi ikkje. Dette er risikosport, og det er all nyskaping og omstilling. Vi var fullstendig klare over risikoen.

Petter Sortland

HAR FRAMLEIS HÅP: Ordførar Petter Sortland trur framleis på Cool Flames Technologies.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Ville omstille med stor O

Det er SIVA som har teke dei største utgiftene med fabrikken på Kyrkjebø, men også Høyanger kommune har lagt ut ein del for å få til etableringa. No ser det ut til at fabrikken kan bli ståande nesten tom i lang tid.

– Det var heilt bevisst at vi satsa på forsking og utvikling av eit verdspatent, for vi skulle omstille oss med stor O. Vi ville finne noko nytt for Høyanger-samfunnet.

– Og for kvar krone det offentlege har gått inn med har dei private investorane gått inn med tre. Så det er fleire enn SIVA og Høyanger kommune som har hatt tru på dette prosjektet, og vi har framleis tru på det, vi har ikkje noko anna val enn å heie fram dei gründerane som jobbar for å skape ny aktivitet i kongeriket, seier ordførar Petter Sortland.

Nordic2

FEIL VEG: Den nye fabrikken på Kyrkjebø, der talet på tilsette blir redusert frå dagens fire.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Snart 30 på Saint Jean Wheels

På plussida kan Sortland notere at felgprodusenten Saint Jean Wheels no er oppe i 20 tilsette og skal auke til 30 før året er omme. Men også der er framtida uviss, berre eitt produkt er godkjent, og det er bilkjøparane som avgjer om det blir ein suksess.

– Det bør og seiast at franskmennene som overtok etter Fundo har brukt 25 millionar kroner sidan dei overtok i 2010. Det er spennande å sjå kva dei kan få til. Det var trass alt null tilsette i eitt og eit halvt år, no er det snart 30, seier Sortland.

Per A. Øren som frakta felgar for Fundo har i dag 53 tilsette, medan det var 77 før konkursen.

Men ordføraren er framleis optimist, og han har heller ikkje mista trua på at dei skal fylle industribygget på Kyrkjebø med mange tilsette.