Hopp til innhold

Audi skal kjøpe felgar frå Høyanger

Bilprodusenten Audi har no inngått avtale om å kjøpe felgar frå Høyanger-verksemda Saint Jean Wheels AS.

Felgproduksjon ved Saint Jean Wheel Høyanger

GODKJENT AV AUDI: Sist veke klarerte Audi både felgane og måten Saint Jean Wheel i Høyanger produserer dei på. Her er Hilmar Lindskog i arbeid på fabrikken.

Foto: Saint Jean Wheel Høyanger

Sist veke var Audi på besøk i sognebygda, og når dei reiste forlet dei ein svært glad fabrikksjef, skriv Firda.

Felgfabrikken i Høyanger kan nemleg endeleg starte opp produksjonen av hybridhjulet, etter at Audi har sagt seg nøgde med både utstyr og kunnskap.

– Det er ei skikkeleg lette å bli godkjent av Audi. Eg er veldig glad for at vi no endeleg kjem i gang med produksjonen, seier fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen til Firda.

Allereie i januar fekk den franskeigde felgfabrikken godkjent sitt første produkt med den nye Cobawheel-konstruksjonen.

Fabrikken i Høyanger tok opp att drifta etter at Fundo Wheels gjekk konkurs i februar 2009. Ifølgje Firda har Saint Jean Wheels i dag 12 tilsette. Tre nye operatørar er på veg inn, det same er ein mekanikar, fortel Thorbjørnsen.

I løpet av sommaren er planen at det skal kome ytterlegare sju operatørar slik at dei frå hausten av kan produsere på to skift, då skal nemleg produksjonen utvidast med to nye felgtypar til Audi.