Hopp til innhold

«Det er direkte utrygt, ein veit jo aldri når ein får ein stein i hovudet»

HONNINGSVÅG, STADLANDET (NRK.no) Innbyggjarane i den vesle bygda Honningsvåg på Stadlandet lever i frykt for at noko alvorleg skal skje dersom det ikkje kjem ein rassikker veg snart.

Sølvi, Rune og Asbjørg Ervik i Honningsvåg, Stad

FRYKTAR VEGEN: Sølvi, Rune og Asbjørg Ervik vonar at ein trygg veg vil kome så snart som råd er.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Denne helga skjedde det igjen. Store steinar rasa ut frå Kleiva, og denne gongen slo steinen hol i overbygget - som skal sikre mot ras. I ettermiddag opna vegen igjen, men for innbyggjarane er det vanskeleg å leve med ein tilkomstveg som stadig blir stengd.

– Det er jo sjølvsagt ikkje noko kjekt når ein har steinsprang som kjem. Det har jo gått stein gjennom biltak, og no gjennom overbygg. Vi ser jo helst at det skjer noko.

–Det er ikkje mykje liv laga å bu her om det skal halde fram på denne måten. Det er ein alvorleg stor risiko. Det er direkte utrygt, ein veit jo aldri når ein får ein stein i hovudet, seier Rune Ervik til NRK.

– Uhaldbar situasjon

Han jobbar vanlegvis i Nordsjøen, og er også heilt avhengig av vegen for å kome seg til og frå jobb. Asbjørg og Sølvi Ervik er også heilt samde i at det på langt nær er nokon kjekk situasjon.

– Vi vonar no at politikarane tek ansvar og framskundar planane om sikring. For dette kan vi ikkje leve med. Vi hadde besøk av tre ekstra gutar i helga, og dei måtte overnatte fordi dei ikkje kom seg heim når foreldra skulle hente dei, seier Asbjørg Ervik.

– Det er ein litt uhaldbar situasjon å leve med. Men det er klart at det er ikkje berre å løyse dette i løpet av ein dag eller to. Vi forstår jo at at det er kostbart, men for oss er dette noko vi må leve med. Vi likar ikkje å køyre vegen, men vi er jo nøydde for å gjere det, legg Sølvi Ervik til.

40 var isolerte

Fredag kveld raste store steinar ned og lagde eit 60 – 70 cm stort hol i eit rasoverbygg ved Kleiva i Honningsvåg. Steinane raste vidare ned i fjorden.

Rundt 40 innbyggjarar har vore isolerte etter steinspranget.

Byggjeleiar Terje Samuelsen har vore i Honningsvåg og sett på skadane.

– Det er ein morenebakke som har sklidd ut og slik at steinar har komme ned mot rasoverbygget og laga eit hol.

Hol i rasoverbygg

STEINSPRANG: Steinar skal ha losna i fjellsida og laga hol i rasoverbygget.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Skal sikre området vidare

Samuelsen seier dei vil halde fram oppryddingsarbeidet i morgon i fjellsida for å sikre området ytterlegare.

– I morgon skal vi gå over rasløpet og plukke ned nokre steinar som ei arbeidssikring som vi skal gjere før vi tar ein mellombels reparasjon av det holet i rasoverbygget.

Byggjeleiaren understrekar at området skal vere trygt nok til å sette trafikk att på vegen.

– Ja det er jo rasoverbygg der som raset har gått. Og det var to seinare vi var litt usikre på om låg faste i bakken. Men geologen konstaterer at dei ligg faste, seier Samuelsen.