Lerum vil selje fabrikkanlegg
Lærdal kommune skal diskutere om dei skal inngå ein rammeavtale med Lerum om kjøp av dei to siste fabrikkbygningane på anlegget i Lærdal. Formannskapet i Lærdal skal i dag avgjere om kommunen skal gå vidare med avtalen. Frå 2018 skal all produksjon skje frå fabrikken på Kaupanger.