Lerum flyttar til Kaupanger og det opnar for bustadblokker i Fjøra

SOGNDAL (NRK): Lerum og Veidekke har signert avtale. Lerum flyttar til Kaupanger og arbeidet med bustadblokker kan starte på fabrikktomta i Sogndalsfjøra.

prospekt for lerumtomta

KLART: Lerum flyttar til Kaupanger og det kan føre til at slike bygg kan bli ein realitet i Fjøra. Bygginga vil ikkje ta til før Lerum har avvikla produksjonen sin i Sogndal i 2018. Kåre Lerum sa på pressekonferansen at han sjølv har pressa på for å kalle det «Lerum brygge».

Foto: Veidekke

Rundt klokka 16.00 tysdag signerte Veidekke kontrakten med Lerum som seier at dei får jobben med å bygge ut eit nytt og større fabrikklokale på Kaupanger til 250 millionar kroner.

Samstundes kjøper Veidekke saman med lokale aktørar fabrikken og tomta på dampskipskaia i Sogndalsfjøra.

Der skal det byggast blokker med mellom 150–180 leilegheiter.

Flyttar etter nesten 100 år

– Det er ein stor dag i Lerum si historie. Det er mykje kjensler, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

I dag har ho reist rundt for å informere dei tilsette om at dei frå første kvartal 2018 vil ha all produksjon, både av syltetøy og saft på fabrikken på Kaupanger.

– Utbygginga vil gjere bedrifta konkurransedyktig også i framtida, meiner Lerum.

Lerum Fabrikken

FRÅ SYLTETØY TIL BUSTADER: Fabrikkbygget til Lerum svarar til fem etasjar. Naboar har vore misnøgd med at kommunen foreslår både 6 og 8 etasjar i dei nye leilegheitskompleksa.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Heilt sidan 1920 har det vore produksjon av syltetøy på tomta nede i Sogndalsfjøra. I løpet av åra har det også vore produksjon av saft, og til og med vin lagde dei i ein periode.

– Men det gjekk dårleg, det var så mykje svinn, sa Kåre Norvald Lerum, tidlegare direktør i selskapet, til mykje latter på pressekonferansen i dag.

Han meiner at dei i Lerum har tradisjon for å sjå framover. Det er Trine Lerum som leier bedrifta i dag, samd i.

– Eg trur flyttinga vil gi betre tilhøve for dei tilsette, og gi oss konkurransekraft også i framtida.

Ho ser ikkje bort frå at dei kan utvide i etter kvart.

– Vi ynskjer alltid å selje og produsere meir. Så vi vil ha moglegheita for å utvide og tilsetje fleire, seier Lerum.

– Oslo har Barcode, Sogndal får Lerum Brygge

Den gamle Lerum-tomta skal bli leilegheitskompleks. Forslaget i kommunen sin områdeplan for Fjøra er blokker med mellom 4–10 etasjar.

– Rammene er sett for det overordna målet, så det blir bustadblokker og ikkje småhusprosjekt, seier Pål Aglen som er regionssjef i Veidekke Eiendom.

Han vil sjølv bli styreleiar i selskapet som skal bygge leilegheitene.

Karl Lerum med sonen Kåre

OPPVEKST: Kåre Norvald Lerum vaks opp med syltetøyproduksjon på kaien. På pressekonferansen fekk han spørsmål om han flyttar inn i toppleilegheita på kaien når dei blir bygd.

Foto: © Lerum

Over halvparten av selskapet som skal bygge leilegheitene er eigd av lokale aktørar.

Blant desse er Aurland sparebank, Luster sparebank, lokale forretningar og privatpersonar. Lerum-familien er inne i prosjektet som private investorar.

– Det er viktig for oss å ha lokale aktørar som kan fange opp stemninga i lokalsamfunnet, fortel Aglen.

Det kom fleire innvendingar til kommunen sin plan for Sogndal sentrum frå naboane til dei komande blokkene.

Dei vil få moglegheit til å spele inn i detaljplanlegginga, men det vil etter kommunen sin plan å døme uansett vere snakk om bygg med 4–10 etasjar, seier Aglen.

– Vi skal prøve å ta omsyn til dei særeigne tilhøva i Sogndal, som siktlinje, bygningane rundt og plasseringa til sjøen. Eg håpar det vil sette Sogndal på kartet. Det blir på ein måte ein ny skyline. Oslo har sin Barcode. Sogndal får Lerum Brygge.

Rune karlsen, Trine Lerum Hjellhaug, Pål Aglen

SIGNERT: Veidekke og Lerum har signert avtalar om at Veidekke skal bygge Lerum sitt nybygg på fabrikken på Kaupanger. Samstundes stiftar Veidekke og lokale aktørar eit selskap som kjøper Lerum si tomt i Sogndalsfjøra. Der planlegg dei å bygge bustadblokker. (Frå venstre: rune Karles, distriktsdirektør for Sogn og Fjordane, Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør for Lerum, og Pål Aglen, regionsdirektør for Veidekke Eiendom.)

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Tidlegare saker om utbygging på Lerum-tomta: