NRK Meny
Normal

Lerum skuffa over regjeringa etter avgiftssjokk

Auken i sukkeravgift kostar Lerumkonsernet 16 millionar meir i året.

Trine Lerum Hjellhaug på fabrikken

AVGIFTSSJOKK: Trine Lerum Hjellhaug er administrerande direktør i Lerum.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg har fått avgiftssjokk. Eg hadde aldri trudd at dette skulle kome no, seier Trine Lerum Hjellhaug, som er administrerande direktør i Lerum.

Denne veka vart regjeringa og samarbeidspartiet KrF og Venstre samde om statsbudsjettet. Mange av satsingane i statsbudsjettet for neste år finansierer dei ved å auke avgiftene på sjokolade, sukkervarer, brus og anna alkoholfri drikke.

– Eg er skuffa og fortvila over det regjeringa her har gjort. For vår del betyr dette at vi må betale 16 millionar i ekstra avgifter på saft neste år, seier Lerum Hjellhaug.

Har redusert sukkerinnhaldet

Ekstra bittert tykkjer Lerum Hjellhaug dette blir i lys av den avtalen næringa har hatt med regjeringa om å redusere sukkerinnhaldet i varene sine. Ho syner til at Lerum til dømes i merkevara Lerum originalsaft har redusert sukkerinnhaldet kraftig. Med same volum som i år kjem dei til å bruke 100 000 kilo mindre sukker i safta neste år.

–Som takk for det så aukar altså regjeringa avgiftene med 42 prosent per liter. Og då må eg spørje meg korleis forbrukarane skal verte oppmoda om å velje produkt med mindre sukker, når produkta vert dyrare i butikk, seier Lerum Hjellhaug.

Gjeld alle alkoholfrie drikkvarer

Avgiftsauken råkar alle drikkevarer, både med og utan sukker. I Senterpartiet har stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete forståing for ynskje om at vi skal ete mindre smågodt og sjokolade, men meiner avgiftsauken treffer feil.

Liv Signe Navarsete i debatt

REAGERER PÅ AVGIFTSAUKE: Liv Signe Navarsete er stortingsrepresentant for Senterparti.

Foto: NRK

– Frå 2010 til 2015 har det gjennomsnittlege sukkerforbruket gått ned frå 43 kilo til 27 kilo takka vere avtalen som Lerum og næringa elles har hatt med Helsedepartementet. No vert dei altså lønna med ein skikkeleg øyrefik frå regjeringa, seier Navarsete.

Til NTB avviser Helseminister Bent Høie (H) at avgiftsauken på brus og godteri er eit brot på avtalen som han har inngått med næringslivet om eit sunnare kosthald.

Forstår frustrasjonen

For Kristeleg Folkepartiet har det vore eit mål å få ned sukkerbruken i Norge. Partiet har fleire gonger tidlegare også foreslått å auke sukkeravgifta, og støttar seg på verdas helseorganisasjon, som meiner dette er eit godt politisk grep for å motverke fedme og diabetes.

Tore Storehaug

VARSLAR OMKAMP: Tore Storehaug er stortignsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.

Foto: Peter Lang

– Når det er sagt så forstår eg også frustrasjonen til Lerum, seier Tore Storehaugs, som er stortingsrepresentant for KrF.

Han seier KrF i forhandlingane med regjeringa foreslo at avgiftsauken skulle vere spesifikk på brus og at saftprodusentar som Lerum skulle vere unntatt. Det nådde dei ikkje fram med. Men når Storehaug no er kjend med å kor hardt avgiftsauken råkar Lerum varslar han omkamp om sukkeravgifta.

– Eg kan ikkje love noko, men frå KrF si side er vi tydlege på at vi ser denne problemstillinga og at dette er noko vi kjem til å følge opp med dei andre avtalepartnarane, seier Storehaug.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.