Hopp til innhold

Sakna turgåar hadde teke inn på hytte

Tysk turgåar bestemte seg for å halde fram fjelltur, medan turkameratane snudde. I morgontimane vart han meld sakna.

GOD BEHALD: Mannen som i morgontimane vart meld sakna i Vik hadde teke inn på ei hytte. – Vi er letta over at han er i god behald, og skal hjelpe han trygt ned, seier operasjonsleiar hos politiet, Tatjana Knappen.

Politiet fekk i 05-tida saknamelding etter at mannen i 40-åra ikkje kom tilbake frå fjellturen i området Vatnane.

Like over klokka 07 fekk politiet melding om at mannen hadde teke inn på ei hytte og var i god behald.

– No vil politi og dei frivillige møte han, og hjelpe han med å komme seg trygt ned frå fjellet, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen hos Vest politidistrikt.

Siste kontakt klokka 15

Politiet kalla ut frivillig mannskap og to patruljar for å leie leiteaksjonen, og Hovudredningssentralen på Sola vart varsla.

Knappen seier politiet ikkje hadde sendt mannskap opp i fjellet då aksjonen vart avslutta.

– Vi sette i gang ein del ressursar då situasjonen var uavklart. Sist nokon var i kontakt med mannen var klokka 15 i går, og det er klart at det er lenge når ein er usikker på om noko kan ha skjedd med vedkommande, seier Knappen.

Turfølgjet snudde

Operasjonsleiaren seier kommunikasjonen har gått via turfølgjet. Politiet har ikkje snakka med mannen sjølv.

Mannen var med i eit turfølgje på fire personar, der tre av desse bestemte seg for å snu og gå ned att. Sjølv ynskte mannen å gå vidare.

– Han skulle vere godt kledd, men ikkje kjend i området. Det er nærliggande å tru at han gjekk seg vill i nærleiken av Vatnane, seier Knappen.

– Det er mykje vatn i fjellet, så han har utfordringar med å finne vegen og komme seg ned att på ein grei måte, legg ho til og seier mannen får hjelp til å komme seg trygt ned att.