Hopp til innhold

– Som å spele russisk rulett med liva våre

Det er berre eit tidsspørsmål før det skjer ei alvorleg ulukke på E16 i Nærøydalen, meiner yrkessjåfør Knut Bjarne Holen. Men Statens vegvesen har få planar om rassikring før ny tunnel opnar tidlegast i 2022.

Ras E16 Nærøydalen

FRYKTAR ULUKKER: Yrkessjåfør Knut Bjarne Holen kjenner seg utrygg på eigen arbeidsplass. Statens vegvesen seier det er lite dei kan gjere før ein tunnel eventuelt kjem på plass.

Foto: Jan Turlid

– Når du kjem på dei mest utsette plassane i dalen så er det klart at du, i staden for å ha blikket retta hundre prosent framover, kikar opp gjennom fjellsida. Du slepp blikket frå der det skal vere, seier Knut Bjarne Holen.

Han er kanskje den norske lastebilsjåføren med mest og lengst erfaring med å køyre E16 frå Gudvangen mot Voss, på stamvegen mellom Norges to største byar. Kring 4000 bilistar køyrer dagleg gjennom Nærøydalen, og laurdag gjekk det nok eit stort ras.

– Vi får aldri noko forvarsel på når neste ras kjem. Det kan vere like om hjørnet. Det er omtrent som å spele russisk rulett med liva våre, seier Holen.

Har ikkje tillit til styresmaktene

To store steinras det siste året har sperra Europavegen i fleire dagar, men heile tida går det mindre ras. For Holen er denne vegstrekka arbeidsstaden hans.

– Elles i arbeidslivet er ein veldig opptekne av HMS, og då kan ein spørje seg kor den er for oss som skal farte på ei slik trafikkåre. Det er heilt «bånn i bøtta», seier han.

Sikring av E16 gjennom Nærøydalen er ikkje første prioritet for politikarane og vegmyndigheitene.

– Det er stor spott og skam. Dei har i alle fall ikkje min tillit oppi det her, og eg trur at mange andre som køyrer slike store doningar som meg, støttar meg 110 prosent, seier Holen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Bjarne Holen

LEI AV Å VENTE: Knut Bjarne Holen er lei av å kjenne seg utrygg på sin eigen arbeidsplass.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Vegvesenet: – Lite å gjere

Det var stor trafikk på E16 laurdag kveld, då eit kraftig regnfall kom inn over Nærøydalen.

Det mest rasfarlege området består av det ekspertane kallar ei skredvifte, som er ei gigantisk steinrøys frå høgt oppe i fjellsida og heilt ned mot Europavegen.

– Skredvifta består både av stein og grus, slik at når dette får stor vasstilførsel på kort tid, så vert dette ein flytande masse. Det rann nedover store volum med stein og grus og fylte opp vegbana og vel så det, seier Kjell Kvaale, senioringeniør i Statens vegvesen region vest.

Til alt hell vart ingen bilar tekne av raset laurdag kveld. Kvaale fortel at skredvifta lever sitt eige liv, og at det er lite å gjere med den.

– Det er ei veldig svær rasvifte, som vi skal kallar det, så den kjem aldri til ro av seg sjølv, fordi det heile tida er tilførsel av stein og grus i den. Den lever sitt geologiske liv, om vi skal seie det slik.

(Artikkelen held fram under kartet)

Ny tunnel i Nærøydalen

NY TUNNEL: Dette er alternativa Statens vegvesen vurderer for ny tunnel på E16 gjennom Nærøydalen.

Foto: Statens vegvesen

Meiner tunnel er einaste løysing

Dermed er den einaste løysinga svært langsiktig, nemleg å få på plass ein tunnel.

– Det vi arbeider med no er ei litt omfattande tunnelløysing. Altså at vi skal gå med ein tunnel på om lag seks kilometer forbi alt vi har av rasutsette punkt der, og kome ut på det flate partiet forbi Stalheim. Det er den langsiktige løysinga som vi arbeider med.

Dersom politikarane vel å prioritere tunnelen i Nasjonal Transportplan, kan den tidlegast stå ferdig om åtte år, altså i 2022. I mellomtida grev vegvesenet det dei kallar fangvollar, som i alle fall vil kunne stogge enkeltsteinar som losnar frå fjellsida.

Ras i Nærøydalen

NOK EIT RAS: Laurdag gjekk det nok eit stort ras på E16 i Nærøydalen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Men vi har ingen garanti for når det neste store kjem. Det er ikkje mogleg å seie, seier Kvaale.

– Forsvarleg å halde vegen open

Og det er noko som uroar yrkessjåfør Knut Bjarne Holen.

– Det er berre eit tidsspørsmål om når det skjer ei skikkeleg ulukke der.

Likevel meiner vegvesenet at det er forsvarleg å halde vegen open.

– Ja, det meiner vi. Vi har som sagt desse bufferane som vi no opparbeider ved hjelp av gravemaskin oppover i lia der, og det første som kjem no vil ikkje nå vegen, seier Kvaale.

Men likevel vil dei ha full merksemd retta mot vegen og skredvifta over den.

– Så godt vi kan vil vi prøve å vere i forkant på neste store situasjon. Men dette er ein veldig uoversiktleg geologisk situasjon, om vi skal seie det slik, og nedbøren vil heile tida vere viktig i det her.

Ras Nærøydalen E16

VANSKELEG Å FÅ SLUTT PÅ: Ei skredvifte oppe i fjellsida i Nærøydalen fører til stadige ras. Den er vanskeleg å gjere noko med, ifølgje Statens vegvesen.

Foto: Jan Turlid