NRK Meny

Legg vekk brannen på Atløy

Statsadvokatane har lagt vekk storbrannen på krabbefabrikken på Herland på Atløy. Det stadfestar statsadvokat Kjell-Otto Lilleberg ovanfor NRK. Store delar av den nær 100 år gamle fabrikken vart totalskadd i brann nyttårsaftan for to år sidan. Etterforskinga har ikkje kunne avdekkje kvifor brannen starta. På grunn av manglande bevis blir saka no lagt vekk.

Brann krabbefabrikk på Atløy
Foto: Politiet