Hopp til innhold

Politiet meiner å vite kvar storbrannen starta, men ikkje kvifor

Politiet ser seg ferdige med etterforskinga av brannen på krabbefabrikken på Atløy.

Brannen på Atløy

LANGVARIG: Brannen starta tidleg på morgonen nyttårsaftan 2016, men blussa opp att fleire gonger før den vart meldt sløkt i 14-tida.

Foto: Alf Vidar Snæland

Dei har ikkje kunne konkludere på kvifor den nær 100 år gamle fabrikken starta nyttårsaftan i 2016 .

Åge Løseth

GIR OPP: Lensmann i Fjaler, Åge Løseth, konstaterer at dei ikkje har klart å finne årsaka til at det byrja å brenne på krabbefabrikken på Atløy.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har ikkje klart å finne ei eksakt og sikker årsak til kvifor brannen starta. No avsluttar vi etterforskinga og sender den til Statsadvokaten til påtaleavgjerd, seier lensmann Åge Løseth i Fjaler.

Starta i mottaket

Løkeland krabbefabrikk fekk store skader i brannen som starta tidleg om morgonen. Politiet konkluderer med at brannen starta i fiskemottaket mot kaien. Undersøkingane tyder også på at brannen starta inne.

Heilt sikre er politiet likevel ikkje.

– Eg konstaterer at det var ein vanskeleg brann, ein stor brann, ein uoversiktleg brann, og at vi diverre ikkje klarte å finne ei sikker brannårsak, seier Løseth.

100 års historie

Fabrikkeigar Tor Løkeland var ikkje kjend med avgjerda til politiet, men seier tida etter brannen har vore krevjande for dei involverte.

Det er førebels uvisst kor store verdiar som gjekk tapt i brannen. Det har versert 70–80 millionar kroner, men også det dobbelte. Løkeland avviser desse tala.

– Eg kan seie at vi har gått med store, store tap. Veldig store tap, seier han og held fram:

– Det essensielle er at vi mista veldig mykje historikk, som verken det eine eller andre vil erstatte. Det er sårt å tenke på kring 100 års historie gjekk tapt i brannen.

Krevjande etterforsking

Politiet har brukt kring eitt år og fire månader på etterforskingsarbeidet. Løseth seier at etterforskinga har vore krevjande.

Brann krabbefabrikk på Atløy

BRANNSTADEN: Politiet meiner brannen starta her, men 14 månader med etterforsking har ikkje gitt svar på kvifor.

Foto: Politiet

Totalt er det gjort 50 vitneavhøyr. Brannen er etterforska av lokalt politi. Også . Branntomta vart først frigjeven i mai 2017.

– Brannstaden var ganske så nedbrend, det var ein stor brannstad og vi måtte gjere undersøkingar fleire stader i tomta. Kombinert med mange avhøyr og analysar knytt til databeslag, så har det teke lang tid, seier lensmannen.

Håpar på ny aktivitet

Løkeland håpar at dei saman med bygda og kommunen får til ny aktivitet på tomta.

– Vi er glade i firma og å skape arbeidsplassar, men har til no ikkje makta anna enn å ta ein dag og ei veke om gangen. Vi har framleis eit firma og ynskjer å produsere. Verksemda er snart 100 år gamal, og det hadde vore flott å heisa flagget og feira det, seier Løkeland.