Hopp til innhold

Legg ned ungdomsskulen

Kommunestyre i Sogndal avgjorde på eit ekstraordinært kommunestyremøte måndag å legge ned ungdomssteget ved Fjærland skule.

Fjærland Skule
Foto: Cosmin Cosma / NRK

På grunn av uvisse rundt kor lang reisetida vart for elevane som no må til Sogndal, vart saka teken opp på eit nytt møte. Men berre åtte røysta for å behalde ungdomssteget.  

Leiar i friskulegruppa, Ingvar Supphellen, er skuffa over vedtaket.

- Vi har vel følt at det gjekk den vegen. Kreftene våre no går på å få starte ein friskule. Dette vert det jobba aktivt med, seier han.