Hopp til innhold

Lange legevakter under lupa

Fylkeslege Petter Øgar vil no undersøke om sjukehuslegane i Lærdal jobbar uforsvarleg mykje.

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

Bakgrunnen er eit avisoppslag der ein av legane ved Lærdal sjukehus fortel at han til vanleg jobbar 15 timar dag.

- Eg ser i ein artikkel i Firda at ein overlege i Lærdal arbeider lange dagar. I løpet av dagen har eg fått fleire spørsmål der det blir vist til bussjåførar og andre som har strenge arbeidstidsreglar, og dei lurer på korleis ein som driv med så komplisert medisin kan ha så lange dagar og likevel opptre forsvarleg, seier Øgar.

Hard vaktbelastning

For til avisa Firda fortel avdelingsoverlege Truls Jellestad på sjukehuset i Lærdal at han startar arbeidsdagen klokka 0700 og vanlegvis ikkje er ferdig før klokka 22 om kvelden. I tillegg til 15 timars arbeidsdagar jobbar han to helgar i månaden og har  20 tilkallingsvakter

- Det er ein kjent problemstilling at mange legar har lange arbeidsdagar og har harde vaktbelastningar. Og det er ein diskusjon om kvar grensa går før det blir uforsvarleg, seier han.

- Utrygg arbeidsplass

Til avisa seier Jellestad at dei no har fått ei ekstra stilling som dei har lyst ut, men ikkje fått nokon faste til. Dei har hatt mange interessentar, men problemet er at ortopediklinikken fortonar seg som ein utrygg arbeidsplass.

- Vi kan ikkje la ein vanskeleg rekrutteringssituasjon tillate at legar jobbar uforsvarleg. Det får vere mitt svar på det, seier Øgar.

- Kva kan fylkeslegen gjere i ei slik sak?

- Det naturlege her vil vere å gå til Helse Førde og be om ei grunngjeving for korleis dei har vurdert at dette er forsvarleg, seier han.