NRK Meny
Normal

Landstad spurt om å verte rektor

Agnes Landstad, direktør ved Vestlandsforsking, har blitt spurt om å søkje stillinga som rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Til NRK Sogn og Fjordane seier Landstad at ho har takka nei. Ho forklarar det med at ho har vore kort tid i Vestlandsforsking og at ho har lyst å halde fram i den jobben.

Søknadsfristen for å søkje på rektorstillinga ved Høgskulen går ut på måndag.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.